Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Andreas Larsson Aanderaa
Foto: Norske skolefolk (1952)
Andreas Larsson Aanderaa (født 28. juni 1900 i Bremnes, død 1986) var lærar og heimefrontsmann.

Han var son av bonde og fiskar L. L. Steinsbø og Helga Johanna f. Hollund. Andreas Larsson Aanderaa tok eksamen ved Stord lærarskule i 1923.

Aanderaa vart i 1923 tilsett som lærar i Baugstø skulekrins i Skånevik. Seinare var han tilsett ved Høylandsbygd skule. Han tok òg over garden Årvik i Kvinnherad kommune, farsgarden til kona, men dreiv han ikkje sjølv. Andreas Larsson Aanderaa vart i 1926 gift med Ragnhild Margrethe Butler Aarvik, dotter av Olav Butler J. Aarvik og Gudrun f. Bondhus. Dei fekk fire søner.   Les mer …

Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959. Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.

Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren.   Les mer …

Tysnes Rundt 2006

Tysnes kystlag blei stifta 1992, er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 70 medlemmer (2014). Båtrygging og bruk av robåt er laget sin kjerneverksemd.

Kystlaget har lokalar på handelstaden Årbakka i Tysnes kommune, der det har vore handelsstad med krambu og postopneri frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 då verksemda vart nedlagt. Laget leigar det midtre huset der, i fyrste etasje har kystlaget eit slags museum, det er det motorar og ymse sakar frå heilt til bake til seglskutenes tid og i andre etasje har møtelokal. På kaia ved Flakkavåg ligg eit båtbyggjeri som kystlaget leiger til båtbyggjarkursa sine. Med Harald Dalland (1945 - 2014) i spissen har kystlaget arrangert kurs sidan 1995, og det har i alt vorte bygd om lag 50 båtar.   Les mer …

Garden Lilleheie på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Kopiert frå Mindernes bok, 1939.
Lilleheie er ein gard i Uggdal i Tysnes kommune, Sunnhordland. Frå denne garden utvandra i 1890-åra ein heil familie til USA som skulle koma til å setja sitt preg på det norskamerikanske miljøet. På folkemunne har det vorte sagt at ingen annan einskild norsk familie har hatt ei slik innflyting på det amerikanske samfunnet som nett Lilleheie-folket. Av dei sju sønene som kom til Amerika, utan andre kunnskapar enn det vesle dei hadde fått med seg frå ein landsens bygdeskule, vart fleire akademikarar og forfattarar, innan fag som medisin, språk, filosofi og teologi. Frå desse har det gått ut fleire generasjonar vitskapsfolk, akademikarar og prestar - mellom dei dr. C. Walton Lillehei, som var den første kirurgen i verda som utførte ein open hjarteoperasjon.   Les mer …

I tunet på Færavåg ligg stova frå 1599 til høgre på biletet, bygd saman med løa. Midt i rekkja ligg stabburet og til venstre ei stove samanbygd med eldhus og skytje.
Rekkjetunet i Færavåg har sidan 1980-talet vore drive som eit kunst- og kultursenter i Tysnes kommune i Sunnhordland. Ei lang rekkje av dei fremste kunstnarane i landet har hatt utstillingar eller konsertar i tunet, mellom dei komponisten Harald Sæverud som også feira nittiårsdagen sin på rekkjetunet. Rekkjetunet i Færevåg er eit godt døme på den vestlandske varianten av rekkjetun. Den eldste bygningen kan daterast tilbake til slutten av 1500-talet. På ei tømmerbjelke i det noverande kjøkenet i bustadhuset er det rissa inn "ANNO DAAMINY 1599". Det noverande bruket kan førast tilbake til 1643, då Færavåg vart delt i to like store bruk.   Les mer …

Mange som bur i Sunnhordlandsbygdene er etterkomarar frå dei norske storættene, eller adelsættene, som levde i denne landsdelen for 500–600 år sidan; Sunnhordlandsættene. Det er ætter som har sine røter langt tilbake, nokre heilt tilbake til den gamle lendermannstida. I Sunnhordland Årbok 1939 kommenterer Rasmus Høyland i ein artikkel som denne artikkelen byggjer på:

«Dette synest også i stor mun å ha sett sitt merke på mange ættegreiner ned gjenom tida. Og me kan vel sjå her òg noko av det verde som både arv og ættekjensla har å segja for folk.»

Ikkje minst for ein ættegranskar kan det vera stor stas og gje status i miljøet om han eller ho kan knyta slekta si til desse gamle adels- eller bondeættene.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar