Forside:Luster kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Luster kommune
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Innlandet, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Vestland.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Signatur i futerekneskapen 1615-16.
Anders Lauritssen (Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta. Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen. Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar.   Les mer …

Thor Bakkens Eftf i Jostedalen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Thor Bakkens Ettf er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken har sidan 2007 vore med i Joker-kjeda og er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen. Landhandlaren Hans Hansson BjørgeHafslo starta opp handelsverksemda på Gjerde 3. januar 1903. Etter to-tre år tok Thor Bakken over. Sonen hans, Kristen Bakken (fødd 1920), vart styrar 1. juni 1941 og overtok verksemda 1. januar 1954 under firmanamnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han driv framleis butikken.   Les mer …

Hafslo og Hafslovatnet, sett mot aust med tettstaden til venstre og Lustrafjorden i bakgrunnen.
Foto: Peter John Acklam
(2005)

Hafslo er ei bygd, ein tidlegare kommune og ein tettstad i Luster kommune. Bygda Hafslo ligg på søraustsida av Hafslovatnet og har tradisjonelt vore ei rik jordbruksbygd. Elva frå Hafslovatnet renn ut i Årøyfjorden i Sogndal, og hovuddalføret strekkjer seg innover mot brebygda Veitastrond.

Hafslo sentrum utgjer ein tettstad etter SSB sin definisjon og hadde i 2009 305 innbyggjarar. Dette var administrasjonssentrum i den nedlagde Hafslo kommune, og her ligg butikkar, Hafslo barne- og ungdomssskule, Hafslo samfunnshus, Luster vidaregåande skule og barnehage. Hafslo kyrkje ligg noko vest for sentrum. Hafslobygda har i seinare år hatt den sterkaste folkeauken i Luster kommune på grunn av nærleiken til Sogndal, og det er kome til ei rekkje byggjefelt.   Les mer …

Anders Andersson Haugen (døypt 11. juni 1809 i Jostedalen, død 29. mai 1882 i Ørskog) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter. Anders gifte seg 12. juni 1835 med Mari Tøgersdotter (1810-1888) frå Kruna. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Tøger Larsson Kruna. Syskena til Anders og Mari, Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter, vart òg gifte med kvarandre. Anders fekk skøyte på hovudbruket på Haugen 19. oktober 1836, men han og Mari dreiv ikkje garden lenger enn til 1853. Anders selde då garden til Halvor Sjurson Haugen, og Anders og Mari flytte til ØrskogSunnmøre og året etter vidare til Grytten.   Les mer …

Sjur Hesjevoll.
Foto: Henta frå Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg (1996)
Sjur O. Hesjevoll (fødd 19. mars 1914, død 18. desember 1994) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var spelemann, biletkunstnar og tredreiar. Hesjevoll var son av Anna Sjursdotter f. Krokgjelet og Ola Halvorson f. Fåberg. Dei fekk tolv born, og Sjur var den tiande i rekkja. Han budde på heimgarden Hesjevollen i Jostedalen fram til 1968. Då fekk han bygt seg verkstad og husvære på Stein, like ved Svoi på Øvste Hesjevoll. Av utdanning hadde han folkeskulen. Han hadde ingen utdanning som spelemann eller kunstmålar ut over nokre brevkurs. Når det gjeld trearbeidet hadde han nok likevel godt ein god skule heime. Fyrste fela si fekk han som 5–6-åring, og musikken vart den største gleda hans gjennom livet. Han hadde gode læremeistrar og førebilete i dei kjende jostedalsspelemennene Johannes Ormbergstølen, Martin Halveg og Olav Sperle.   Les mer …

Ole Aabel (fødd 7. januar 1757 i Tveit, Vest-Agder, død 17. mars 1852 i Aurland, Sogn og Fjordane) var sokneprest i Jostedalen og Aurland. Han vart student frå Kristiansand i 1778 og cand.theol. 8. oktober 1782. Etter ei tid som huslærar i Oddernes vart han 11. juni 1784 tilsett som personleg kapellan til Homedal.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Luster kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar