Familie samlet til hageselskap foran et hus på Nærsnes 8. august 1908. Huset lå på det som nå er Nærsnestangen 4. Dengang var eiendommen eid av Hjalmar Erksen, senere solgt. Foto: Albert Løkke/Røyken Historielag NEG 245 Gjestfrihet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2013 med tittel Gjestfrihet. Utsendar var Kari Telste. Les mer …
Brødbaking i gammel bakerovn på Øvre Askestad i Røyken. Ragnhild Askestad grisler brød. Foto: Askestad / Registrert av OSØ 27-03-1998. Røyken historielags samling fra 1998-2001. NEG 4 Baking er ei av spørjelistene til Norsk etnologisk gransking. Den vart sendt ut i 1947 med tittel Baking. Utsendar var Rigmor Frimannslund. Les mer …
Bjorli jernbanerestaurant, interiøret, i 1929
Bjorli jernbanerestaurant vart bygd på Bjorli stasjon på Raumabanen i 1927. Det var ein staseleg bygning med plass til 700 gjester. Målgruppa var turistar som kom med turistskip til Åndalsnes og så kom opp med toget til Bjorli for så å få noko å forfriske seg på der før dei returnerte. Det var Norsk spisevognselskap som dreiv restauranten.
Dotter til stasjonsmeisteren på Bjorli i åra 1930-36 har fortald om desse turistane og opphaldet deira:
«Det surret i flere tungemål og det var virkelig festlig mens det stod på, og mange av bygdas kvinner var med og hjalp til med servering o.l. Oppholdet kunne dreie seg om et par timers tid, og da tok de seg gjerne en tur oppover moen til Storhaugen hvor de plukket blomster, lyng og kjerringris.»
|
|
Les mer …
Frøyrak ”der heime”, garden til Olav Frøyrak. Fotografiet er teke frå Sikkom, odden der Skjørings grav var, og der Spelemannssteinen er – Frøyrak var på 1800-talet eit musikalsk senter i Setesdal. Olav Frøyrak (fødd 1918 på Frøyrak i Bygland, død 2006) var gardbrukar på Frøyrak. Tormod Tveitå har skreve ned nokre soger etter det han kallar "ein sogeforteljar i vår tid":
Olav vart fødd på Frøyrak i 1918. Som einaste sonen på bruket ”der heime” var på mange måtar lagnaden fastsett: Han skulle bli på Frøyrak og drive garden. Ikkje slik at eg trur han hadde noko mot denne lagnaden. Men der kom ikkje mange ungjenter til ein veglaus gard på vestsida av fjorden, og som mange andre har opplevd: Ein finn seg sjeldan gifte i skyttarlag og på skogeigarlagsmøte. Så Olav vart aldri gift. Men han var den staselegaste gamalungkaren eg nokon gong har møtt: Høgvaksen, kraftig og med ei kroppshaldning som ein ungdom heilt til det siste – og han var 88 år då han døydde i 2006.
Eg var aldri innom Olav og systera Berit utan at det vart tala om gamalt. Eg nemnde det ikkje, men straks eg kom heim sette eg meg ned med papir og blyant og skreiv det eg hadde høyrd. Kvar gong hadde eg høyrd noko nytt gamalt. Ei soge høyrde eg to gonger (Bjønnane under Hesteberga), men då eg skulle samanlikne dei to versjonane så var dei ord for ord mest identiske. Dei små forskjellane som var, var nok mi skyld. Les mer …
|