Forside:Samiske språk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Samiske språk
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.

Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige.   Les mer ...

 
Smakebitar
Språksituasjonen i Møre og Romsdal er prega av fleire kulturskilje: mellom Trøndelag og Vestlandet; mellom bokmål og nynorsk; og mellom norsk og samisk. Nordmøre med sin nordmørsdialekt hører historisk og språkleg sett til Trøndelag og trøndermåla, medan Sunnmøre med sin sunnmørsdialekt hører historisk og språkleg til Vestlandet og dei vestlandske dialektane. Romsdal med sin romsdalsdialekt kjem i ei mellomstilling, med tjukk l og det nordafjelske trekket apokope i fleirstavingsendingar, og ordskatten hører klårt til det trøndske kulturområdet; men svekkinga av både infinitiv av jamvektsverb og ubunden form av jamvektssubstantiv knyt romsdalsmålet opp mot dei vestnorske dialektane. I dei austlege delene av Nordmøre viser dessutan sørsamisk språk seg — både i noverande samiske stadnamn og varierande grad av samisk språkbruk i reindrifta i Trollheimen, så vel som i samiske element i eldre stadnamn utover mot kysten og Trondheimsleia.   Les mer …

Inessiv er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. Inessiv, som vi òg kunne kalle der-kasus, blir bruka om påstad. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -sne, og umesamisk har òg hovudsaklig -sne eller -sna. I pitesamisk, lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -n, sjølv om enkelteksempel på -sn kan finnast. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.   Les mer …

Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt.   Les mer …

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto: Olve Utne
Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk.   Les mer …

Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne
(2008)
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.   Les mer …
 
Kategoriar for Samiske språk


 
Andre artiklar