Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Venstre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år
Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare.   Les mer …

Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.

Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning.   Les mer …

Synnøve Riste i 1880.
Foto: Ukjend
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda.   Les mer …

Løypestrengen var mykje brukt i område med bratte skogsider der det ikkje var eigna for hest og slede. Dei yngre årsklasser kjenner truleg ikkje så mykje til dette. Løypestrengen nyttar tyngdekrafta og lasten kan då berre gå ein veg, nedover. Løypestrengar var brukt på mange sætrar der forholda låg til rette for det. Det var for å sende mjølk i hylke eller andre kjerald på løypestrengen så nærme heimetunet som råd. Dei var hekta på strengen med krokar av stål. Det var brukt eit signalsystem mellom dei oppe og dei nede ved å banke på strengen eller blåse eit signal i bukkehorn. Signala var avtala og på det viset kommuniserte dei med kvarandre. Nede vart det hengt bjørkegreiner eller einekagar på strengen som skulle fungere som støytdemparar for ikkje å knuse lasten som kom ned.   Les mer …

Volda orkester i 1934
Foto: Johan J. Nerbøvik

Volda orkester vart skipa i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mellom anna er eit punkt der styret «hev høve til å gjere vedtak om missnøgje med eit eller fleire av orkesteret sine medlemer. I så fall går vedkomande ut av orkesteret 7 dagar etter hn får melding om vedtaket».

Det vart opna for passivt medlemskap (støttemedlemskap) i orkesteret.

Det første styret bestod av Johan Nerbøvik, formann, Per Enge, John Steinsvik og Oddvin Øvrelid som styremedlemer og Olav Hjelle som notemeister. På første styremøte vart Sivert H. Geitvik vald til dirigent, Oddvin Øvrelid til 1. kapellmeister og Per Enge til 2. kapellmeister.   Les mer …

Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot.
(2009)
Rabbekule, det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte å vinterlagre rabbe på som var utbreitt før, og utover på 1950- og 1960-talet. Klimatiske forhold er vel årsak til at denne lagringsmåten var nytta mange stader på vestlandskysten. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys. Ein startar med å legge litt bar på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon.I fint vårveir den 18 april 2011 vart kula opna og resultatet såg fint ut, svert fint, alle rabber var friske og fine.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar