Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Jødedom»)
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.

Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Sandra Droucker. Maleri av Aleksandr Sokolov (1829–1913).

Sandra Droucker (født 7. mai 1875 i St. Petersburg, død 1. april 1944Hamar) var en russiskfødt konsertpianist, komponist og musikkpedagog. Hun studerte ved konservatoriet i St. Petersburg, men gjorde sin debut i Berlin i 1896, der hun bodde en periode. Her underviste hun mellom 1904-1906 blant annet den norske komponisten og pianisten Anne-Marie Ørbeck (1911–1996). Droucker kunne snakke seks forskjellige språk og kommuniserte på norsk med sine norske studenter. Allerede før Droucker migrerte til Norge, spilte hun i perioden 1907–1908 flere konserter i Brødrene Hals' Koncertsal i Christiania (Stortingsgata 26) og en konsert på Nationaltheatret.

Hun slo seg ned i Oslo i 1933, da hun forlot Tyskland, der hun hadde yrkesforbud på grunn av sitt jødiske opphav på farssiden, samt det da oppløste ekteskapet (1910–1918) med den østerriksk-jødiske pianisten Gottfried Galston (Galitzenstein). Hun fikk i første omgang ett års oppholdstillatelse.   Les mer …

Kathe Lasnik. Bildet henger på Fagerborg skole ved siden av bronserelieffet over elever som ble drept under andre verdenskrig.

Kathe Rita Lasnik (født 13. oktober 1927 i Oslo, død 1. desember 1942 i Auschwitz–Birkenau) var en 15 år gammel skoleelev som ble deportert og drept i konsentrasjonsleiren Auschwitz som følge av deportasjonen av jødene under andre verdenskrig.

Kathe Lasnik var ett av fire barn i familien Lasnik, og var «attpåklatten», født 14 år etter den nest yngste søsteren Elise (f. 1913). I tillegg hadde hun også storesøstrene Jenny (f. 1909) og Anna (f. 1911). Foreldrene, Dora (født Meszansky i 1888) og Elias Lasnik (f. 1887), hadde innvandret til Kristiania fra Vilnius i det daværende russiske keiserrike sommeren 1908 da det var vanskelig å leve som jøder der, med begrensede rettigheter og begrensninger på hvor de kunne bo. Det var også en svært stor fattigdom i den jødiske ghettoen i Vilnius, og de reiste da Elias Lasnik ble innkalt til militærtjeneste. Særlig Dora hadde mange slektninger i Kristiania, herunder brødre og søstre.   Les mer …

Jødekaker.
Foto: Olve Utne
(desember 2017)
Jødekaker (nynorsk/bokmål; dansk jødekager; svensk judekakor) eller jødebrød (svensk judebröd) er det vanlige namnet på ei gruppe småkaker med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honning og ymse typar fruktsirup. Eitt av de elementa var småkaker baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk fir desse sefardiske småkakene er òg at det er minimalt med væske i dei.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …

Lafta asjkenazisk sjul (synagoge) i Kurkle (jiddisch; litauisk Kurkliai) i Litauen.
Foto: Hagen Pelka, 2004
Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla (høg)tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har heldt til i Sentral- og Aust-Europa. Asjkenazim hadde i nokre kortare periodar innreiserett til Noreg føre 1814, vanligvis med leidebrevsplikt. I 1851 fikk asjkenaziske jødar full innreise-, busettings- og arbeidsrett i Noreg. Fleirtalet av dei norske jødane i dag er asjkenaziske.   Les mer …

David Glick, frå J : historien om kristiansundsjødene
David Glick (fødd 4. oktober 1907 i Trondheim, død 22. januar 1943 i Auschwitz) var transportarbeidar på Sunndalsøra frå 1941 av. Ettersom han var jøde vart han deportert til konsentrasjonsleir i 1942, og han vart drepen i dødsleiren Auschwitz. Han var son av Elias Glick (1876–1914) og Jenny Glick f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I folketeljinga 1910 finn vi mora, faren og to eldre sysken i Mellomveien 8 i Trondheim. Faren var handelsmann. Ei eldre syster, Anna Glick gift Matulsky, vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, Israel Glick som døydde ung i 1919.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur


 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...