Aursjøhytta 2009 Foto: Arnfinn Kjelland
Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-Slette på Lesjaverk som den første hytta som Kristiansunds og omegns turistforening (KNT) bygde heilt for eiga rekning. Arbeidet med hytta - som dei første åra vart kalla «Lesjehytten» vart utført av Per Nordsletten etter avtale med turistforeininga vinteren 1892-'93 for kr 1500 fullt utstyrt med 10 senger. Hytta vart bygd med 3-4 toms plank og utvendig bordkledd. Høgd under mønsåsen var 6 alen. Setra på Buvollen vart rive i 1908 og flytt til Nordbue om lag 15 minutters gange nordafor gamalsetra. Per Nordsletten og sonen Jonas bygde ny turisthytte på den nye vollen i 1910. Familien Nordsletten var vertskap på «Lesjahytten» og Aursjøhytta i fleire generasjonar. Les mer …
Brus fra Oskar Syltes Mineralvannsfabrikk. Brus med ananassmak og Brus med pæresmak er særeigne for fabrikken, som også lager brus på lisens. Foto: Olve Utne (2009)
Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde vart grunnlagt i 1929. Pr. 2014 har fabrikken drygt 100 ansatte. Det produserast mineralvatn på lisens, som Solo, men mest kjent er fabrikken for Brus med pæresmak og Brus med ananassmak. Av dei seksten mineralvannfabrikkane ein hadde i Møre og Romsdal etter krigen, er det berre Oskar Syltes som har klart seg.
Oskar Sylte (1907–1976) kom til Molde som ung mann, og begynte sin yrkeskarriere som visargut. Han oppretta etter kvart eigen agentur- og kommisjonsforretning. Han dreiv med fisk, vilt og is, og leverte ferskmat til turistskipa som la til i byen. Et år makrellen svikta på Sørlandet gjorde han gode pengar, og nytte dei til å kjøpe inn maskinar til brusproduksjon. Desse fekk han satt inn i den gamle meierigarden. Etter ei tid gjekk brusproduksjonen så godt at han slutta med kjøt og fisk. I byrjinga lagde han også øl på lisens frå Frydenlunds Bryggeri. Han måtte så velje mellom øl- og brusproduksjon, og valde brusen. Les mer …
Hilmar M. Krohg. Etter ein pastell, truleg av J.Juel.
Hilmar Meincke Krohg (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmarkens amt, Nordre Bergenhus amt og Romsdals amt, stiftamtmann i Trondheim, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han kom frå ein prominent og velståande offisers- og borgarfamilie. Foreldra var oberst Nicolai Frederik Krohg (1732–1801) og Anna Meincke (1743–1823). Som faren var også tre av Hilmars brør, tre av farbrørne og farfaren alle offiserar. Derimot vart ingen av Hilmar Meincke Krohgs eigne fire søner offiser. «Offisersdynastiet» Krohg var grunnlagt av farfaren, Christian Nilsen Krohg (1693-1752), ein bondegut som vart offiser. Mor til Hilmar kom frå det «flensburgske» storborgarskapet i Trondheim. Far hennar var kjøpmann og verkseigar Hilmar Helmer Meincke. Les mer …
|