Forside:Samiske språk

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Samiske språk (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Samiske språk
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.

Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige.   Les mer ...

 
Smakebitar
Komitativ er eit adverbialt kasus som blir bruka i samiske språk. Komitativ, som vi òg kunne kalle med-kasus, blir bruka om reiskap/middel, og i tillegg blant anna om nokon ein er saman med. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ine, -jne eller -inie. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske eintalsendinga -jn (pite- og lulesamisk ortografi) / -in (nordsamisk ortografi). I indoeuropeiske språk blir reiskapskasuset kalla instrumentalis.   Les mer …

Inessiv er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. Inessiv, som vi òg kunne kalle der-kasus, blir bruka om påstad. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -sne, og umesamisk har òg hovudsaklig -sne eller -sna. I pitesamisk, lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -n, sjølv om enkelteksempel på -sn kan finnast. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.   Les mer …

Illativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk. Illativ, som vi òg kunne kalle dit-kasus, blir bruka om tilstadsrørsle, og i tillegg om nokon ein gjev noko til eller om ein tilstand noko blir endra til. På sørsamisk er den typiske endinga -se i dei fleste orda og -an i ie-stammar, men dei nordligaste sørsamiske dialektane har òg illativsendinga -je. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske endinga -áj (pite- og lulesamisk ortografi) / -ái (nordsamisk ortografi).   Les mer …

Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt.   Les mer …

«Sami soga laula» blei først trykt på forsida av Sagai Muittalægje i 1906.
«Same soga laula» (moderne nordsamisk: «Sámi soga lávlla») er eit dikt forfatta av Isak Saba og først utgjeve i Sagai Muittalægje den 1. april 1906. Diktet vart tonesett av Arne Sørum og vedteke som samisk nasjonalsong i 1986. «Same soga laula» er omsett til dei fleste samiske språka.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …
 
Kategoriar for Samiske språk


 
Andre artiklar