Rodi er eit språk som tradisjonelt har vore bruka av den undergruppa av romanifolket som tradisjonelt er basert langs kysten av Noreg (småvandriar, fantar) og som ofte reiser hovudsakleg lokalt. Rodi viser færre fellestrekk med romanés enn det austlandske og vestsvenske rommani gjer, men viser til attergjeld meir slektskap med jenisch — som da òg har vore føreslege som det språklege opphavet åt rodi. Strukturelt ligg rodi nærmare norsk enn rommani gjer, men rodi skil seg likevel ut som eit eige språk i større grad enn fallet er med språkforma månsing. Av trekk som understreker rolla rodi har spela som løynspråk kan nemnast at talorda frå éin til ti gjerne har vore bytte ut med samiske former. I praksis utgjer språka rodi og rommani eit dialektkontinuum; Eilert Sundt si oppsummering av «Skøiersproget» (rodi) tek slik utgangspunkt i dei ordformene som er mest ulike rommani, mens Gjest Baardsen si skildring av «Skøiersproget» ligg svært tett opp til rommani med unntak av pronomena og ein del andre ord. Les mer …
Fra manuskriptet Kvænsk Stilebog, Ms. fol. 4310 i Nasjonalbibliotekets samlinger.
Kvensk (bokmål/nynorsk) eller kvænsk (eldre nynorsk), kvensk kainun kieli, er eit fellesnamn for austersjøfinske dialektar i Nord-Noreg som er mest nærskyldt med meänkieli (tornedalsfinsk), men òg relativt nærskyldt med standard finsk. Blant morsmålstalarane finst det både dei som føretrekkjer å sjå på kvensk som eit eige språk og dei som føretrekkjer å sjå på språket sitt som ein variant av standard finsk.
Kvensk er godkjent som eige språk av Stortinget etter vedtak den 26. april 2005. Som skriftspråk er kvensk normert av Kvensk språkting (etablert 2008). Kvensk har offisiell status som skriftspråk i Porsanger kommune (Porsangin komuuni, Porsanki). Det er óg eitt av dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg, verna etter den europeiske minoritetsspråkpakta. Det finst enno ikkje noko eige forvaltningsområde for kvensk språk Les mer …
Ein røykomn nynorsk eller ein røykovn ( bokmål) er ein open, mura eldstad utan skorstein. Røykavtrekket frå ein røykomn er same holet som ein fyrer i, og røyken går rett ut i rommet og opp ljoren. Det at rommet blir svært røykfylt under sjølve fyringa er den største ulempa med røykomnane. Når omnen først har vorte varm, så held han godt på varmen utover dagen, i motsetnad til kåpomnar og lysomnar med skorstein, der ein lyt fyre jamt for å halde på temperaturen. I skogfattige bygder og i bygder der det meste av solid treverk gjekk til handel under hollendartida var brenselseffektiviteten svært viktig. Røykomnar var tidlegare vanlege på Vestlandet og vidare nordover til Nordmøre så vel som blant skogfinnar. Les mer …
Minnesmerket står i ein park rett ved Kirkelandet kyrkje. Foto: Chris Nyborg (2017)
Minnesmerket over kristiansundsjødane som omkom under holocaust vart avduka søndag 29. juni 2003. Bronsestatuen på sokkel av fjøresteinar frå Klubba er laga av bildehoggar Tore Bjørn Skjølsvik. Minnesmerket er finansiert ved privat innsamling, gåver og støtte frå Kristiansund kommune. Føre andre verdskrigen var Kristiansund på Nordmøre blant dei byane i Noreg som hadde størst andel jødiske innbyggjarar. Med Nazi-Tysklands okkupasjon av Norge 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne. Les mer …
|