Åsta Holth (fødd 13. februar 1904 på Svullrya, død 16. mars 1999 på Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.
Ho vaks opp på finnetorpet Sør-Revholt på Grue Finnskog som den nest yngste i ein stor syskenflokk. Det var trange kår, og som fjortenåring fekk ho sin første jobb som hushjelp. Det var hardt arbeid der klasseforskjellane mellom tenestefolk og arbeidsgjevarar var tydelege.
Det var som dramatiker ho byrja, med sitt første skodespel for amatørteater i 1929. Det hadde tittelen I Luråsen, og vart publisert av Noregs ungdomslag. Det kom fleire slike, men i dag er dette ein mindre kjend del av forfattarskapet. Frå 1935 levde ho dels av skrivinga, mellom anna ved å skrive noveller for ukeblad. Særleg i Arbeidermagasinet fekk ho inn ein del. Somme av dei var underteikna med Åsta Paavolainen, slekta sitt finske namn; andre med Åsta Holth etter torpet Sør-Revholt. Ho sa sjølv om skrivemåten: «Visst er Holth eit jålet namn, med den h'en hengt på. Men det var mote den gongen far min forkorta Revholt.».
Den første boka ho gav ut var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela.
Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 27. desember 1929: Utsnitt av nekrolog over Alexander Bugge. Alexander Bugge (fødd i Kristiania 30. desember 1870, død i København 24. desember 1929) var historikar. Han var professor ved universitetet i Kristiania 1903-1912, deretter statsstipendiat. Dei faglege spesialfelta hans var vikingtidssamfunnet og mellomalderen, med vekt på handels-, skipsfarts-, og byhistorie, og dessutan eldre busetjingshistorie. Ved sida av fleire betydningsfulle vitskaplege avhandlingar skreiv han populærvitskaplege historiske framstillingar, og han var ein etterspurd foredragshaldar. Bugge var blant dei akademikarane som engasjerte seg sterkt i den lokalhistoriske rørsla tidleg på 1900-talet. Mellom anna skreiv han gards- og ættesoge for Våler i Solør. Les mer …
Rasmus Blikken. Foto: Ukjent
Rasmus Blikken (fødd i Skjåk 21. april 1872, død i Åsnes 4. april 1961) var lærar, småbrukar, organisasjonsmann og politikar. Det meste av sitt yrkes- og samfunnsliv verka han i Åsnes kommune i Solør, Toverud krins.Han var oppvaksen i Nørdre Blikka, den gongen husmannsplass under Bakke i grenda Reppen i Skjåk. Foreldra var Lars Torkjellsen Blikken (fødd 5. juni 1877) og Eldri Olsdotter Mallaug (fødd 1832). Faren var skomakar i tillegg til at dei dreiv plassen, slik det framgår av folketeljinga 1875. Rasmus var den yngste av fire sysken. Les mer …
Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig. Foto: Ukjent. Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.
Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.
Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen. Les mer …
|