Førde ligg ved elva Jølstra. Foto: Nasjonalbiblioteket (1960)
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune. Staden hadde same status i Førde kommune før kommunesamanslåinga i 2020.
Tettstaden, som har 10 339 innbyggjarar (2019), er den største i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde er eit regionsenter for både handel, utdanning, administrasjon og helsetenester og husar mellom anna avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, sjukehus og sjukehusadministrasjon (Helse Førde). Hovedkontoret til NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde, og lokalavisa Firda kjem ut her.
Tettstaden ligg inst i Førdefjorden, der elva Jølstra renn ut i fjorden. Busetnaden ligg på båe sider av elva og er knytt saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. Les mer …
Skulehistorie i Førde skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Førde kommune si skulehistorie.
Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon. Les mer …
Gustav Indrebø Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939. Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde). Les mer …
Henrik Olaus Aardalsbakke Foto: Norske skolefolk (1952) Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.
Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.
Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal. Les mer …
|