Kulturhuset i Sykkylven. Foto: Sykkylven kommune
Sykkylven kulturhus stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var Sykkylven frilynde ungdomslag som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.
Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50 % eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. Les mer …
Tomas Tandstad i 2008. Foto: Asgeir Tandstad
Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.
Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar. Les mer …
Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent. Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå Hornemann på Reins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar. Les mer …
Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot. (2009) Rabbekule, det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte å vinterlagre rabbe på som var utbreitt før, og utover på 1950- og 1960-talet. Klimatiske forhold er vel årsak til at denne lagringsmåten var nytta mange stader på vestlandskysten. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys.
Ein startar med å legge litt bar på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon.I fint vårveir den 18 april 2011 vart kula opna og resultatet såg fint ut, svert fint, alle rabber var friske og fine. Les mer …
|