Forside:Ryfylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Hjelmeland • Kvitsøy • Sauda •Strand • Suldal
TIDLIGERE KOMMUNE: Finnøy • Forsand • Rennesøy

Om Ryfylke
Ryfylke er et distrikt i Rogaland, nord-øst for Stavanger og sør-øst for Haugesund. Distriktet omfatter åtte kommuner: Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Navnet kommer fra Rygjafylke, som i middelalderen var navnet på det meste av Rogaland. Den nordlige delen, kommunene Sauda og Suldal, er kjent som Indre Ryfylke. Den østlige delen med fjellandskap kalles Ryfylkeheiene. Landskapet i distriktet er svært variert, med øyer og skjærgård, lavland og fjorder, vidder og fjelltopper.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Ingeborg Søndenå med malmlass på hestekjerra. Dette er logoen til Ingeborg Handverk S.A., og logoen er teikna av Elisabeth Hellerdal Fosstveit.
Ingeborg Søndenå (1851-1891) kom frå Birkeland i Sauda. Ho arbeidde som hestekøyrar i sinkgruvene i Allmannajuvet. Ingeborg vart kjend for å køyra to hestelass frå der andre berre greidde eitt, og endåtil kunne ho spøta (strikka) medan ho køyrde[1].   Les mer …

Kraftstasjonen Sauda III stod ferdig i 1930. Arkitektane Bjercke og Eliassen stod for utforminga av stasjonen, og det var det lokale kraftselskapet A/S Saudefaldene som var utbyggjar.
(2016)

Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.

Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for.   Les mer …

Allmannajuvet i Sauda kommune, frå anlegget teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Her ser ein galleriet.
Foto: Knut Rage
(2017)

Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande. Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet.

Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani.   Les mer …

Vidvei ved Suldalseidet.
Foto: Ekrheim (2008)

Vidvei er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag blir namnet særleg nytta om bruket 16/13, men eit langt større område ved eidet tilhøyrde garden.

Oluf Rygh forklarar namnet som norrønt víðr, «vidstrakt» og eið, «eid». Dette har omsyn til eidet over frå Hylsfjorden til nedre del av Suldal. Den eldste kjende forma av namnet er Vidueidh i 1455, og Rygh meinar at dette kan vere ei gamal fleirtalsform Víðu-eið(ar). Det kan ut frå dette tidleg ha vore fleire bruk på garden. Andre kjende namneformaer er Weduiig (1567), Miduei (1606), Wediei (1610), Wedey (1661) og Wedweye (1723). Godkjend skrivemåte i dag er Vidvei.   Les mer …

Mikael Skjelderup Hertzberg
Foto: Ukjent, hentet fra Lange (1915): Norges gejstlighet i 1914.

Mikael Skjelderup Hertzberg (født 21. oktober 1874 i Christiania, død 11. august 1927 i Lausanne) var teolog. Han arbeidet flere steder i landet, men hadde størstedelen av sitt yrkesliv i hovedstadsområdet, der han blant annet var den første presten ved Tøyen småkirkemenighet. Mikael Skjelderup Hertzberg var sønn av skolemann og statsråd Nils Hertzberg (1827-1911) og hustru Martha Catharina Marie (1844–1928), og var gift med Valborg Horne (1870-1960). Han var sønnesønn av prest Niels Hertzberg (1759-1841). Mikael Skjelderup Hertzberg tok examen artium i 1893 og ble teologisk kandidat i 1898.

I 1899 ble han utnevnt til personellkapellan i Hjelmeland, og i 1902 ble han personellkapellan i Hadsel.   Les mer …

Årdalskrusifikset stammar frå Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland. Det kan daterast til tida rundt 1220-1230. Den lokale lensmannen bidrog til at krusifikset blei overdratt til Stavanger Museum i 1908. Kristusfiguren mangla då begge armane, venstre fot, samt krossen. Hovudet hadde dessutan losna frå kroppen. Det dreier seg om eit såkalla triumfkrusifiks, skore i selje og med ei lengde på 116 cm. Dermed er Årdalskrusifikset størst av dei bevarte mellomalderske krusifiksa i Rogaland. Det blir rekna som eit av dei vakraste i landet innanfor sin type. Særleg ansiktet er av høg kvalitet. Krusifikset vart restaurert og undersøkt i 1980-åra. Det hadde vorte reist spørsmål ved om hovud og kropp er laga samstundes på grunn av noko ulik stil. Bruk av computertomograf viste at årringane på begge sider av brotet høyrde saman, slik at hovudet er skore frå same stamme som resten av figuren.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Ryfylke
 
Andre artiklar