Høydalen sett fra nord. (2009)
Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.
I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.
Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse. Les mer …
Røde Kors-huset i Volda Foto: Arnfinn Kjelland
Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.
Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.
Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles. Les mer …
Her er MB «Hendig» ved kaia på Vik. Om hausten brukte Anfinn å kjøpe poteter, - det er poteter som er i sekken.
MB «Hendig» M 47 HØ, bygd i 1968, for Anfinn og Olav Skorpen, far og son. Meir opplysningar om eigarane ligg på MB «Høydølen». Skrogforma er omlag som Høydølen, men båten er mindre, sjå båtlista for Vik. Hendig var bygd på enkle laska spant, og med spikarhud. Mesanmast på bukk over dekk, for fri tilgang til linekastar m.m. Rorhuset er flytt til framdelen av båten, som også hadde halvbakk. Lugaren framme under dekk hadde 3 køyer, og tilgang var gjennom egnarhuset, men også gjennom rorhuset. Rorhuset var bygd av kryssfiner på rameverk av tre, utvendig var det lagt på glasfiberarmert plast. Dekket på halvbakk var av 5/4 toms pløgd material, også det med glasfiberarmertplast. Rundt 1990 fekk rorhuset påsett ein kantskjerm i aluminium, og nye rorhusruter. Når rorhuset er plasert slik, vert heile dekket bak ein samanhangande arbeidsplass. Dette dekket var lagt på vanleg måte, furuplank med nater. Plaseringa av rorhus og det som fyl med det, var slik eigarane sjølve ville at båten skulle vera. Lukekarmen til lasteromet var om lag 30 cm høg. Les mer …
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor « Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Les mer …
|