Artikkelen om Gullik Sveinsson Teigstol og ætti og ættlingane hans er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1954.
Straks sør for Løkje hotell i Kvåle skulekrins i Vestre Slidre ligg garden Teigstol. Frå gardstunet er det so fint eit utsyn over Slidrefjorden med skogkledde øyar og nes og fagre grender i kring. Lengst borte ris Ålfjell og Olberg til vers, den siste med varde på toppen. Han vart kveikt om fienden våga seg inn i landet. Sjeldan ser du fagrare syn enn Vestre Slidre i stille og sol. Det er ikkje underleg om det her i Slidre er fostra kunstnarar.
I felespel har Vestre Slidre hatt mange gjæve kunstmenn. Ein av dei merkelegaste var Gullik Sveinsson Teigstol. Han var fødd 10. mai 1807 og døydde 16. januar 1881. Kona hans var Sigrid Olsdotter, fødd Berge i Vestre Slidre den 26. januar 1819 og døydde 22. april 1885.
Gullik vart tidleg ein meisterleg god felespelar. Han hadde lært tå storspelaren Jørn Nilsson Hilme. Og so spelte han mykje saman med Knut Røn, som var tå Rengistad. Dei var båe saman hjå Jørn Hilme i Ulnes i Nord-Aurdal, og han var jamt hjå dei i Vestre Slidre. Spelmann Jørgen Jørgensen Ringestad fortel soleis om Gullik Teigstol:
«Han far, spelmann Jørgen Ivarson Ringestad, tala om at Jørn Hilme hadde ein lått han kalla Spelmannsprøva. Dersom ein spelmann ikkje vonleg lærde han, vilde han ikkje ha noko med han. Men Teigstolen og Knut Røn lærde fort Spelmannsprøva.
Ein gong sat både Lars Krøsshaug, Gullik Teigstol og Knut Røn oppå Rengistad og let på fele. Då det leid ut i kveldingi, gjekk dei ned i Teigstolen og stelte seg til å låte der. Om litt kom det inn ein kar til dei, og då dei såg vel på han, var det Jørn Hilme. Då vart det slutt med felelætet, og det bar til å tala med karane. Til slutt gav dei Jørn Hilme ei fele og bad han låte. Men det var ikkje større han vilde lata seg til. Han tala då om at han kom nordan fjellet i frå (d. e. frå Vestlandet). Fela si hadde han sett att under Teigstollåven. Karane truga han då til å gå etter henne, og då han kom inn att, kan du tru det vart spel! Dei hine fann til felone sine og freista lære av meisteren. Heile natti heldt dei på og langt ut på hin dagen. Då var det at Krøsshaugen la fela si på bordet og tok soleis til ords mynnta på Jørn Hilme:
«Fingadn e kji bere på de enn på uss, men bøgin ha styggen gjeve de!» Les mer …
Faksimile fra Østlands-Posten 27. mai 1995: utsnitt av portrettintervju med Ruth Lagesen.
Ruth Lagesen (født 10. august 1914 i Bagn i Sør-Aurdal kommune i Valdres, død 7. april 2005 i Larvik) var pianist, orkesterleder og musikkpedagog, kjent som landets første kvinnelige orkesterdirigent. Les mer …
Jacob Aamland Foto: Norske skolefolk (1952) Jacob Georg Beck Aamdal (født 25. juni 1891 på Lista, død 28. februar 1971) var lærer og skolestyrer. Lengst var han på Modum. Aamdal, som ble tildelt Kongens fortjenstmedalje, var også kordirigent og ga ut en del korsanger. Han stifta dessuten Strand Småbrukarlag.
Aamdal var gift med Bertha f. Vathne, datter av bonde og skipper T. G. Andreassen Vathne og Renze f. Midthassel. Les mer …
Cecelie Vernøy (1880-1962) Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen. Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman.
Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år. Les mer …
Fant-Karl (også skrevet « Karl-Fant», « Ka'l-Fant») var en norsk romani/reisende musiker. Han regnes som en sentral formidler av valsemusikken som ble populær fra slutten av 1700-tallet. Det er mest sannsynlig at dette var Karl Johansen Rosenberg som levde ca.1775-ca.1855.
Det fortelles at bygdespellmenn var begeistret for hans spill, og at «Fant-Karl» var læremester til storspellmann « Fel-Jakup» Jakob Olsen (Jakup Lom) (1821-1876) fra Skjåk i Gudbrandsdalen. Karl spilte sin tids «gammelmusikk», men han hadde med seg det siste nytt der han reiste, og dansglade ungdommen i avsides bygder strømte til når han og familien kom – det ble dans og moro! Slik ble han en slags katalysator av moderne impulser. I dag betraktes valsen som den eldste blant norske runddanser ( gammeldans). Mange eldre valseslåtter i tradisjonene i Gudbrandsdalen, Trøndelag, Møre og Romsdal, Valdres og Østerdalen har historier eller navn som knytter dem til «Fant-Karl». Det finnes også en halling og flere springleiker som knyttes til han. Les mer …
|