Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Jødedom»)
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.

Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Moritz Rabinowitz, fra Våre falne.
Moritz Rabinowitz (født 20. september 1887 i Polen, død 27. februar 1942 i Sachsenhausen) var kjøpmann og fabrikkeier i Haugesund. Han ble arrestert for «tyskfiendtlig propaganda» i 1941, og døde som fange i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Rabinowitz var jøde, og det ser ut til at straffen for hans motstandsvirksomhet av den grunn ble strengere enn den ellers ville blitt.I 1933 ga Rabinowitz ut boka Verdenskrisen og vi : individuell livsplan på eget forlag. Han beskriver det han mener er årsakene til den store økonomiske krisa i mellomkrigstida, og peker spesielt på isolasjonisme og tollrestriksjoner som forhindrer utveksling av varer og arbeidskraft. Boka kom ut kort tid etter at Adolf Hitler hadde blitt rikskansler i Tyskland, og han er svært tydelig i sin kritikk av nazistene. På det tidspunktet tvilte Rabinowitz på at Hitler ville klare å gjennomføre sine planer, og han skrev: «Nogen særlig glede av jødeforfølgelsene vil Hitler ikke opleve. [...] Selv Hitler er ikke istand til å stanse utviklingen og kulturens fremgang.». På sikt fikk han rett i dette, men innen Hitler selv ble stansa hadde millioner av liv gått tapt – og Rabinowitz ble en av de som ga sitt liv i denne kampen.   Les mer …

Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den portugisarjødiske menigheita, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Moses Henriques, bestefar til forretningsmannen og stortingsrepresentanten Ludvig Mariboe. Esnogaen låg da trulig i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Trulig etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les mer …

Den israelitiske menighed (DIM) var navnet på flere menighetsdannelser i det jødiske miljøet i Kristiania/Oslo mellom 1893 og 1938. Felles for dem alle var utgangspunktet i en mer ortodoks, østeuropeisk-orientert jødedom, i motsetning til Det mosaiske Trossamfunds mer moderne-ortodokse tysk-danske tradisjon. I 1920–21 bygde den daværende DIM synagogen i Calmeyergaten, og denne ble deres synagoge fram til menigheten ble innlemmet i Det mosaiske Trossamfund i 1938. Synagogen ble brukt som vintersynagoge av det forente DMT fram til den ble beslaglagt av nazistene i 1942.   Les mer …

Parókhet (arkforheng) (datert 5670 (1910)) frå synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Olve Utne
Jødedom er den tradisjonelle religionen til det jødiske folket. Jødedommen er ein monoteistisk religion som har grunnlag i Tenákh (Den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet) med hovudvekta på Toráen (Mosebøkene). Hovudretninga av jødedommen i dag er rabbinsk jødedom, som i tillegg baserer seg den munnlege tradisjonen som han nedfeller seg i Talmúd med sine kommentarar. Sjølv om det på mange tidspunkt i historia har vore eit mindre tal jødar i Noreg, er det først sidan dei par siste tiåra av 1800-talet at det har vore offentlege jødiske gudstenester her i landet. I dag finst det fullt ut organiserte jødiske meinigheiter i Oslo (Det mosaiske trossamfund i Oslo) og Trondheim (Det mosaiske trossamfunn, Trondheim), men føre andre verdskrigen var det òg meir eller mindre organiserte grupper andre stader, inkludert i Kristiansund (sjå Jødedom i Kristiansund).   Les mer …

Lafta asjkenazisk sjul (synagoge) i Kurkle (jiddisch; litauisk Kurkliai) i Litauen.
Foto: Hagen Pelka, 2004
Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla (høg)tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har heldt til i Sentral- og Aust-Europa. Asjkenazim hadde i nokre kortare periodar innreiserett til Noreg føre 1814, vanligvis med leidebrevsplikt. I 1851 fikk asjkenaziske jødar full innreise-, busettings- og arbeidsrett i Noreg. Fleirtalet av dei norske jødane i dag er asjkenaziske.   Les mer …

Minnesmerket står i ein park rett ved Kirkelandet kyrkje.
Foto: Chris Nyborg
(2017)
Minnesmerket over kristiansundsjødane som omkom under holocaust vart avduka søndag 29. juni 2003. Bronsestatuen på sokkel av fjøresteinar frå Klubba er laga av bildehoggar Tore Bjørn Skjølsvik. Minnesmerket er finansiert ved privat innsamling, gåver og støtte frå Kristiansund kommune. Føre andre verdskrigen var Kristiansund på Nordmøre blant dei byane i Noreg som hadde størst andel jødiske innbyggjarar. Med Nazi-Tysklands okkupasjon av Norge 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur


 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...