Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2 og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet. Foto: Widerøes Flyveselskap Kremmarholmen på Fedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1).
Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje. Les mer …
Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947). Som vaksen budde han i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att. Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet. Les mer …
«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.
MB «Pokal» MB Pokal» M-80-HØ. Kjennesignal:LHAF. Heilt sidan artikkelen om «Pokal» var lagt ut har ein trudd at båten var bygd i Ølve. Ein med båt interesse, Eirik Graue, har leita seg fram til at «Pokal» er bygd hos Edvard Løfalds båtbyggeri på Løfaldstrand i Hardanger. Graue har leitt i alle register, men finn ikkje «Pokal» nemnd nokon stad.
I Haugesund Dagblad frå 1. september 1930 står det at Løfalds båtbyggeri skulle levere ein båt på 55 fot med 40 hk Wichmann motor til Sunnmør. Her stemmer båtstørelsen og motoren, dertil er båt typa lik slik dei brukte sjå ut. «Pokal» M-80- HØ var bygd for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og Oskar O. Sævik, den siste halvbror til Hans O. Desse to siste vart utløyste midt på 1950 talet. Olav H. Sævik kom inn som medeigar i 1957. Han er son til Hans O. og vart medeigar 16 år gamal.
Til vanleg var det Hans O. som var skipper på «Pokal». Den fyrste tida før det vart vanleg med kystskipper eksamen vart det halde kurs rundt i kring på skular og bedehus som gav kunnskap for fiskeskipperar og andre. Hans O. hadde gått nokre av desse kursa, so kalla «jordmorkurs». At han var ein dugande skipper er det ikkje tvil om.
Sonen Olav tok kystskipper eksamen i Ålesund 17 år gammal. Han var yngstemann i kullet og stundom når læraren snakka til han så var det, «du nyfødde». Tydeleg at tonen har vore uformell. Han fekk ikkje papira før han fylte 21 år.
Begge eigarane var såleis kapable som båtførarar. Då tok sjølivet til for Olav H. og det førte han til eit mangslunge liv på sjøen. Seinare sigla han som skipper på mange slags fartøy – frå Sør Afrika til Amerika. Han har mangt å fortelle så kanskje er det råd å få fatt i litt av den historia også. Les mer …
Herdlevær mot nordvest. Foto: Vigleik Mathisen
Herdlevær (gnr. 46) er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdlevær er ei god hamn.
Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdlevær. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane. Les mer …
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik
MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.
Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ. Les mer …
Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).
Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen. Les mer …
|