Peder Pedersen Aune (født 1820 i Tydal, død 1882 i Minnesota) var gardbrukar, og var sannsynlegvis den fyrste som utvandra frå Tydal på 1800-talet. Han vart med på ein ekspedisjon som drog frå Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og var med på å etablere byen Joinville i Brasil føre han kom fram til gullfelta. Seinare kom han heim og busette seg på Røros, men vart berre buande der i ti års tid før han utvandra på nytt til Minnesota. Les mer …
Helge Røragen Foto: Østre Toten kommune (ca. 1991)
Helge Røragen (født 20. juli 1928 på Røros, død 13. mars 2013 i Kolbu i Østre Toten) var lærer og lokalpolitiker i Østre Toten. Røragen, som representerte Arbeiderpartiet, var ordfører fra 1984 til 1991, etter å ha vært varaordfører 1976-83. At han var lærerutdanna, hadde han til felles med flere av 1900-tallets ordførere i Østre Toten. Røragen vokste opp på Røros, som sønn av Marie og Per Røragen. Faren var gruvearbeider. Etter å ha vært konstituert som lærer i Havøysund i 1949/50 tok han lærerskoleeksamen i Oslo i 1952 og ble først ansatt ved Bergsfjord skole i Loppa kommune, der han ble i fire år. Les mer …
Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Les mer …
|