Forside:Sykkylven kommune

Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:57 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ola Martin Longva (fødd på Moltustranda i Herøy kommune 22. august 1928) er tidlegare skulemann og lokalpolitikar. Han har vore rektor, skulesjef og varaordførar i SykkylvenSunnmøre. Familien flytte i 1931 til Longva i Haram der Ola vaks opp. Faren var styrar på det lokale handelslaget, og ungguten fekk tidleg vere med å hjelpe til i forretninga og på garden heime. Under krigen søkte han seg inn på Volda landsgymnas for å sleppe utskriving til tysk arbeidsteneste. Etter at han var ferdig med gymnaset i 1949, vart det militærteneste. Seinare vart han forsyningsleiar i HV. Han gjekk så attende til handelsyrket. I 1950 vart han tilsett som 1. betjent ved Volda samyrkelag. I 1950/51 gjekk han handelsskulen på kveldstid. Hausten 1951 fekk han arbeid ved Norges Kooperative Landsforening sitt kontor i Ålesund, der han var i fire år.   Les mer …

Fabrikkeigar Jens E. Ekornes, grunnleggaren av Ekornes-konsernet.

Jens Ellingsen Ekornes (fødd 20. januar 1908, død 25. november 1976) var ein industrileiar frå Sykkylven, grunnleggar av Ekornes-konsernet.

Jens Ekornes var nr. to av fem brør: Sigurd f. 1906, Jens f. 1908, Martin f. 1912, Leiv Peder f. 1917 (men døydde halvt år gamal) og Leif som yngstemann f. 1919. Allereie i barneåra hadde Jens ein trong til å sysle med alt som rørte seg, og mange finurlege konstruksjonar vart til, til dømes skovlhjul i elva. I 15-årsalderen vart Jens med som stuert på båt i to månader på etterjulsvinteren, og ferda gjekk til Kvalvåg på Bremangerlandet, der faren dreiv oppkjøp av fisk. Denne etterjulsvinteren gav Jens reiselyst og eventyrlyst. Han ville oppdage meir av den store verda og melde seg på ein tur med den 35 fots lille ”Brand I”, eit sjøgutskip med 12 gutar i alderen 16-17 år. Dei drog sørover langs kysten frå Ålesund til landsspeidarleiren i Horten. Jens vart seinare aktivt med i speidarrørsla og i losjearbeid for avhaldssaka.   Les mer …

Ecco-stolen til Møre Designteam (1970).
SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i 1989 av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen, som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og formgjeving, og etter fagutdanning i møbel på Borgund Yrkesskule gjennomførte han møbeldesignutdanning ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I sommarferiane arbeidde han ved designkontoret til Ingmar Relling i Sykkylven. I 1969 var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal.   Les mer …

Petter Kursetgjerde (fødd 12. januar 1913 i Sykkylven, død same stad 29. mars 2010) var ein av pionerane i fagrørsla i Sykkylven, og han var med på å ta initiativet til etableringa av Sykkylven treindustriarbeiderforening i 1945.

Petter Kursetgjerde var yngst av åtte søsken i ein småbrukarfamilie i Hundeidvik. Han hadde i unge år ein draum om å bli lege, men slikt var ikkje til å tenke på for ein med hans bakgrunn.

Han kom tidleg i arbeid og hadde erfaringar både frå Tusvik Møbelfabrikk og Tynes Møbelfabrikk då han byrja ved Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk i 1935. Det var medan han arbeidde ved Vestlandske at han tok initiativet til å starte Sykkylven Treindustriarbeiderforening.   Les mer …

Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Aure Teglverk er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Aure i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla «Verket». Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; «et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn». Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserte det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3.000 takstein, 3.000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet.   Les mer …

Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar