Vinterfiskja, eller vårtorskefiskja, på sunnmørskysten gjekk før 1900 mykje føre seg frå opne ro- og seglbåtar frå ytterøyane mot havet.
Synesvågen 62.5418127° N 6.0174135° Ø er ein sørvend våg på sørenden av øya Vigra i Giske kommune på Sunnmøre. Vågen er sikker hamn for båtar som ikkje stikk for djupt og er, langt bakover i tid, nytta av fjordafolket som opphaldstad i vinterfiskje.
Synesvågen ligg med kortast mogeleg veg til fiskefelta, men er grunn og gikk gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Med motor i båtane minka og behovet for nærleik til fiskefelta.
Ta opp Norgeskart på skjermen > Trykk Meny (tre liggande strek oppe, venstre) > Trykk BAKGRUNNSKART, velg Sjøkart > Trykk X oppe, høgre i meny > Søk Synesvågen i søkefelt oppe, venstre > Scroll kartstørrelse. Så fyl du sunnmøringen på tur ut mellom båar/bodar og skjær…. «ut og vest i Kari-havet».
Vil du sjå steinvorar og gamle tufter i vågen tek du i bruk flyfoto i same kart.
Tider og reiskapar i endring
Ein del setningar i bøker og lokale notat som forklarar endringane i kjend tid.
Hans Geitvik:
| På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar. Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggever.
|
|
|
Ola Årsetøy:
| I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen.
|
|
|
Les mer …
«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.
MB «Pokal» MB Pokal» M-80-HØ. Kjennesignal:LHAF. Heilt sidan artikkelen om «Pokal» var lagt ut har ein trudd at båten var bygd i Ølve. Ein med båt interesse, Eirik Graue, har leita seg fram til at «Pokal» er bygd hos Edvard Løfalds båtbyggeri på Løfaldstrand i Hardanger. Graue har leitt i alle register, men finn ikkje «Pokal» nemnd nokon stad.
I Haugesund Dagblad frå 1. september 1930 står det at Løfalds båtbyggeri skulle levere ein båt på 55 fot med 40 hk Wichmann motor til Sunnmør. Her stemmer båtstørelsen og motoren, dertil er båt typa lik slik dei brukte sjå ut. «Pokal» M-80- HØ var bygd for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og Oskar O. Sævik, den siste halvbror til Hans O. Desse to siste vart utløyste midt på 1950 talet. Olav H. Sævik kom inn som medeigar i 1957. Han er son til Hans O. og vart medeigar 16 år gamal.
Til vanleg var det Hans O. som var skipper på «Pokal». Den fyrste tida før det vart vanleg med kystskipper eksamen vart det halde kurs rundt i kring på skular og bedehus som gav kunnskap for fiskeskipperar og andre. Hans O. hadde gått nokre av desse kursa, so kalla «jordmorkurs». At han var ein dugande skipper er det ikkje tvil om.
Sonen Olav tok kystskipper eksamen i Ålesund 17 år gammal. Han var yngstemann i kullet og stundom når læraren snakka til han så var det, «du nyfødde». Tydeleg at tonen har vore uformell. Han fekk ikkje papira før han fylte 21 år.
Begge eigarane var såleis kapable som båtførarar. Då tok sjølivet til for Olav H. og det førte han til eit mangslunge liv på sjøen. Seinare sigla han som skipper på mange slags fartøy – frå Sør Afrika til Amerika. Han har mangt å fortelle så kanskje er det råd å få fatt i litt av den historia også. Les mer …
Her er hudinga på «Mot» godt i gang.Det er Håkon Høydalsvik og Håkon Berg som er i gang med fjerde planken på babord side (1972)
MB «Mot», M-38-A, Kjennesignal: LM 4458. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1972 for Osvald Karlsen, Langevåg. Dette var første båten bygd på laminerte spant ved båtbyggeriet. Kantraspanta framme og bak var i heil ved og utan skøyt. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt til 13,5 m lang, 4,1 m breidde og 1,7 m djup. Det gir lengde 43’. Les mer …
11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten Huda er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med doblingspant. Referansen er til slik det vart gjort ved L/L Vik Båtbyggeri. Fyrste hudplankane som skal leggast er dei tre øvste gangane, setgangane. Derfor må det avgjerast kvar spantetoppane skal kappast. Før ein får leggje bjelkevegar, må rekkestøttene på plass. Spanterisset rekk berre til skandekk på desse spanta. Difor set ein opp ei ri i den høgd rekkelinningen skal ha.Kjølplanken bak, har rotenden bakover, det vert valt ein planke med stor breidde. Fyllingsplanken er den siste ein set inn. Han er oftast litt lavt i kimingane, og vert stokken på.
Alle hudplankar er skøytte midt på eit tømmer, og er spikra med to skipssikar i kvar ende. Er det ekstra stor plankebreidd kan ein bruka fleire spikar. Over vasslinja vert alle spikrar innsenka, det vert brukt por, dor med skaft, når spikaren skal heilt inn. Les mer …
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.
Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da krigen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden. Les mer …
Jostein Nerbøvik 2001 Foto: Ragnar H. Albertsen Jostein Nerbøvik (fødd 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo) var ein framståande historikar med omfattande lokal- og annan faghistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter. Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som fram til 2012 var i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim. Les mer …
|