Forside:Telemarksarkivet

Om Telemarksarkivet
Telemarksarkivet, logo
Foto: Telemarksarkivet.no

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar
Interiør frå Alf Jacobsens Boktrykkeri.

Alf Jacobsens Boktrykkeri blei starta i 1939. Trykkeriet låg i Storgaten i Brevik i noverande Porsgrunn kommune. Mottoet til verksemda var "Bedre trykksaker".Alf Jacobsen overtok boktrykkeriet i 1939 frå Carsten Albretsen og Alv Kristiansen som hadde drive Albretsens trykkeri frå 1926. Før dette hadde Bratsberg Blad hatt tilhaldsstad i lokala, med A. Naper som boktrykkar. A. Napers trykkeri hadde frå byrjinga heldt til på Øvre Torv. Frå 1929 dreiv Albretsen trykkeriet alene, og i 1934 flytta han trykkeriet til sidefløyen for H. M. Albretsen i Storgaten i Brevik. Fem år seinare overtok Alf Jacobsen trykkeriet.

Jacobsen var utlært i Brevik, og hadde teke svennebrev i 1931. Han løyste handverksborgarskap i 1934. Utdanning hadde han frå teknisk aftenskule, kurs ved teknologisk institutt, forutan vanleg middelskuleutdanning. I 1938 fekk han stipend til studieopphald i Stockholm.   Les mer …

Bratsberg Landmandsforretning.

Bratsberg Landmandsforretning ble stiftet av bøndene i Telemark i 1901. Forretningen ble gjerne kalt bare "Landmand" Hensikten med forretningen var import og omsetning av kraftfôr, kunstgjødsel, såkorn, frøvarer og kolonialvarer. Forretningen solgt også andre landbruksprodukter.

Til dette formålet kjøpte "Landmand" Limigården i Liegata 10 og 12 i Skien. Hele eiendommen ble ominnredd og modernisert i 1937/38. Etter dette hadde forretningen kraftfôrblanderi, maismølle og korn- og frørenseri. Den disponerte tre lastebiler og én varebil. Foruten bestyreren bestod personalet av tre kontormedarbeider, 7 butikkmedarbeider og 8 sjåfører og lagerarbeidere i 1949. J. O. Grimsrud var bestyrer på dette tidspunktet.   Les mer …

Bimøte der ein undersøker ei bikube.

Telemark Birøkterlag vart skipa i 1909. Frå byrjinga heitte laget Bratsberg Amts Biavlsforbund. Det var skreddarmeister Mathisen frå Langangen som gjorde opptaket til laget. Kring 1950 hadde laget 21 lokale birøktarlag i heile fylket. Laget administrerte birøkten i fylket og arbeidde for å stadig betre denne. Ein dreiv også formidlingsverksemd om næringa ved forskjellige stemne.

Telemark Birøkterlag fekk økonomisk støtte frå Telemark Landbruksselskap.   Les mer …

Norrøna Fabrikker vart etablert i 1883 og var ein smergel- og brynesteinsfabrikk som dreiv foredling av brynestein og seinare produksjon av kunststein. Fabrikken låg i Porsgrunn.
Norrøna Fabrikker før 1949.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Grunnlaget for produksjonen ved Norrøna Fabrikker var brynestein frå Eidsborg i Tokke kommune. Brynesteinen blir rekna som den eldste eksportartikkelen i Noreg, og gjennom arkeologiske utgravingar har ein funne brynestein frå Eidsborg på alle dei seks kontinenta. Brynesteinen vart brote og kløyvd til råemne i brynesteinsbrota i Eidsborg og deretter frakta til Dalen og vidare gjennom Telemarkskanalen til Porsgrunn. Fabrikken si verksemd skapte stor aktivitet i Eidsborg. Siste last med brynestein vart frakta til Porsgrunn i 1952.   Les mer …

Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.
Foto: Ukjend fotograf.

Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.

Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdene i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal.   Les mer …

Seljord Meieri på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, 1949, s. 882.

Seljord Meieri vart skipa som eit andelslag 19. september 1937. Frå byrjinga var ordførar O. L. Bjørge formann i meieriet.Allereie i 1890 vart det skipa eit smørmeieri i Seljord kommune, men dette var berre i drift i nokre få år. Seinare ordna Seljord Handelslag til eit smørlag som vart ei kjærkomen hjelp i mange år. Fyrst i 1937 vart det skipa eit ordentleg meieri i Seljord.

Meierilaget overtok Borgen frå Seljord Sparebank sitt konkursbo i 1937. Staten hjalp til med både bidrag og lån. Disponent Benterud var konsulent ved innreiing og montering av kjelleretasjen til meieri. Ein sette også inn utstyr til å lage geitmysost. Meieriet vart meldt inn i mjølkesentralen og fekk ta i mot mjølk og fløte frå 1. februar 1939.   Les mer …
 
Sjå òg




 
Kategoriar for Telemarksarkivet
ingen underkategorier


 
Andre artiklar