Forside:Hordaland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 09:57 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Cnyborg flyttet siden Forside:Hordaland fylke til Forside:Hordaland over en omdirigering)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Hordaland
12 Hordaland vapen.png
Hordaland var eit fylke på Vestlandet, med administrasjonssenter i Bergen. Det grensa mot Sogn og Fjordane i nord, Buskerud og Telemark i aust, og Rogaland i sør. Den 1. januar 2020 vart det som del av regionreforma 2014–2018 slått saman med Sogn og Fjordane til nye Vestland fylke.

Fylket hadde fem distrikt: Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland ved kysten, og innlandsdistrikta Hardanger og Voss.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla.   Les mer …

Murboligen.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.

Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), forløparen til Odda Smelteverk, viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom». Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet.   Les mer …

Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen).
Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.

  Les mer …

Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg gravhaugar og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Talet på husstandar var åtte i 1940-åra. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader er bygde dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag   Les mer …

Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

Jens Tvedt (1857-1935)
Jens Tvedt (fødd 1857 i Kvinnherad, død 1935) er ein av dei store heimstaddiktarene i norsk litteratur. Få har skildra bygde- og bondeliv på Vestlandet på same vis som han. «Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham», skreiv Knut Hamsun om han. I tillegg var Jens Tvedt ein pioner innan det offentlege bibliotekvesenet, som sjefsbibliotekar ved Stavanger bibliotek i ei årrekkje. Jens Tvedt vart fødd i Omvikedalen i Kvinnherad, som son av fanejunker Johannes Tvedt (1817-1918) frå Tveito og Kristi Jensdotter Lund frå Øye på Snilstveitøy. Begge foreldra skal ha vore gode forteljarar, men samstundes rådde pietismen i heimen, som elles i heimbygda. På den andre sida abonnerte faren på fleire aviser og tidsskrift, som den første i bygda, og kjøpte dessutan bøker, og ettersom han ikkje dreiv gard slapp Jens Tvedt unna det daglege slitet i oppvoksteren.   Les mer …

Håkonshallen, sett fra toppen av Rosenkrantztårnet.
Foto: Kristian Hunskaar (2008)

Håkonshallen i Bergen er en stor steinbygning i tre etasjer som er en del av Bergenhus festning. Den ble reist på 1250-tallet under kong Håkon Håkonssons regjeringstid og var ferdig til bryllupet til Håkons sønn Magnus 11. september 1261. Hallen var den største og staseligste bygningen i kongsgården på Holmen, Norges politiske sentrum på 1200-tallet. Hallen ble trolig bygd for å huse store begivenheter, men den rommet også kongebolig, oppholds- og arbeidsrom samt lagerrom.

Etter at Norge kom i union med Danmark og kongene knapt oppholdt seg i Norge, kom Håkonshallen i forfall. Omkring 1520 var den lagerbygning, og i det påfølgende århundret sto den en periode uten tak. Hallen kunne gått fullstendig til grunne, men ble reddet av at den rundt 1680 ble magasinbygning for Bergenhus festning. Først omkring 1840 ble den «gjenoppdaget» som kongehall.   Les mer …

Johannes Heggland (1919-2008) fotografert på trappa utanfor huset sitt på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Bladet Tysnes
Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Hordaland
 
Andre artiklar