Just Henrik Ely (fødd i Stavanger 30. november 1759, død i Kristiansand 30. mars 1824) var offiser og eidsvollsmann. Just Henrik Ely gifta seg i Vanse (i nåverande Farsund kommune) med Caroline Nicoline (Nikolaia?) Lund (fødd i Farsund 5. mars 1773, død i Kristiansand 27. april 1844). Ho var dotter til «Farsunds grunnleggjar» kjøpmann og skipsreiar Jochum Brinch Lund og Inger Marichen Lund. Med dette ekteskapet kom Ely inn i eit kjøpmannsdynasti som dominerte på staden i den grad at Farsund på denne tida er blitt kalla «Lundenes by», med sentrum i den formidable patrisarbustaden Husan. Caroline Nicolines bror Gabriel Lund var i likskap med svogeren Ely eidsvollsmann. Les mer …
Faksmilie frå Stavanger Aftenblad, 22. juni 1957.
Severin Aabø (fødd 9. september 1888 i Sauda, død 21. juni 1957 i Stavanger) var ein lærar som hadde lengste bolken av yrkeskarrieren sin i Stavanger-skulen. Aabø var òg ein aktiv fråhaldsmann og sat som Venstre-mann i Stavanger bystyre.
Han var son av gardbrukarparet Signe og Knut K. Aabø og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1910.
Som nyutdanna hadde Aabø eit stutt vikariat i Grotland skulekrins på Voss, før han i 1911 byrja Aabø som lærar i Frue i Hetland. Der var han til 1919. Deretter arbeidde han ved Nylund skule i Stavanger. Frå 1938 til 1947 var Aabø skulestyrar ved Buøy skule, ein annan Stavanger-skule. Seinara var han ved Sørvik skule på Lindøy og ved Johannes skole, der han var overlærar. Les mer …
Tromsdalen kirke («Ishavskatedralen») i Tromsø er Hovigs mest kjente byggverk. Jan Inge Hovig (født 11. mai 1920 i Verran kommune, Nord-Trøndelag, død 4. juli 1977) var arkitekt for flere monumentale bygg, særlig i Nord-Norge. I tillegg har han tegnet boligblokker og eneboliger. Hovig har i stor grad påvirket etterkrigsarkitekturen i Narvik, Harstad og Tromsø. Rett før sin død ble han gift med tv-personligheten Ingrid Espelid Hovig. Les mer …
Helleristningane på Austre Åmøy i Stavanger kommune er den største konsentrasjonen av helleristningar i Rogaland. Ristningane blir daterte til bronsealderen. Felta med helleristningar ligg på rekkje og rad ved sjøkanten på sørsida av Austre Åmøy. Nokre mindre felt er også oppdaga lenger inne på øya og på nordsida. I alt er det registrert kring 1200 figurar og groper. Båtfigurar dominerer, men her er også mykje anna, til dømes fotsolar, ringar tolka som solfigurar og groper. Menneske, dyr, fiskar tolka som kveiter og økser, som er relativt sjeldne motiv i bergkunsten på Vestlandet, førekjem også. Ei fantasieggjande ristning på feltet Åmøy IV er ein menneskefigur som ser ut til å bera ei fuglemaske. På Åmøy VI finst ein båtfigur som er heile 5,5 meter lang. Dette er den største båtristninga som er kjent i Norden. Åmøy har ei sentral plassering, og arkeologane trur at øya kan ha vore ein kultisk samlingsstad for folk på Nord- Jæren og i Boknafjordbassenget. Les mer …
|