Forside:Volda kommune

Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:55 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Vigra Synesvågen 1908

Vinterfiskja, eller vårtorskefiskja, på sunnmørskysten gjekk før 1900 mykje føre seg frå opne ro- og seglbåtar frå ytterøyane mot havet.

Synesvågen 62.5418127° N 6.0174135° Ø er ein sørvend våg på sørenden av øya Vigra i Giske kommune på Sunnmøre. Vågen er sikker hamn for båtar som ikkje stikk for djupt og er, langt bakover i tid, nytta av fjordafolket som opphaldstad i vinterfiskje.

Vigra kart 1869

Synesvågen ligg med kortast mogeleg veg til fiskefelta, men er grunn og gikk gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Med motor i båtane minka og behovet for nærleik til fiskefelta.

Ta opp Norgeskart på skjermen > Trykk Meny (tre liggande strek oppe, venstre) > Trykk BAKGRUNNSKART, velg Sjøkart > Trykk X oppe, høgre i meny > Søk Synesvågen i søkefelt oppe, venstre > Scroll kartstørrelse. Så fyl du sunnmøringen på tur ut mellom båar/bodar og skjær…. «ut og vest i Kari-havet». Vil du sjå steinvorar og gamle tufter i vågen tek du i bruk flyfoto i same kart.

Tider og reiskapar i endring

Ein del setningar i bøker og lokale notat som forklarar endringane i kjend tid.

Hans Geitvik:

På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar. Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggever.

Ola Årsetøy:

I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen.
  Les mer …

SS «Nevada», modell, babord side

Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund 62.47408549° N 6.15181299° Ø gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar.

Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk.   Les mer …

Henrik Johannes Nikolai Martinussen Holsvik (født 13. april 1884, død 2. oktober 1986 var fødd i Holsvika i Austefjorden i Volda kommune av Martinus Harald Olai Iverssen (1843 – 1893) og Hilde Larine Henriksdotter (1856 – 1947) som nummer seks i ein barneflokk på ni frå to ekteskap.

Oktober 1909 gifte Henrik seg med Johanne (Hanna) Oline Jakobsdotter Eide 1883 – 1970). Dei fekk to born: Hilda 1912 og Lars 1915.

Martinus døde i 1893. Ein eldre bror Ivar f. 1875 tok over garden, men døde i 1894. Henrik sit som 10-åring med eigarskap til gard (heilebruk) og heil part (to mann oppmøte) i Holsvik Notlag. Henrik blir brått vaksen.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …

Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910

Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.

Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.

Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs»   Les mer …

Nøre Bjørkedalen
Foto: Arnfinn Kjelland
Bjørkedalen er eit bygdelag lengst sør i Volda kommune på grensa mot Nordfjordeid og Sogn og Fjordane. Bygda er dominert av Bjørkedalsvatnet, og består av matrikkelgardane Søre Bjørkedalen, Eidseflot, Løset, Helset og Nøre Bjørkedalen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar