Lars Andreas Oftedahl (fødd i København 13. el. 19. mai 1781, død i Eiker 17. mars 1843), var teolog (sokneprest og prost), lærar og eidsvollsmann. På Eidsvoll vart han rekna til Unionspartiet. Han var ein utprega opplysningsprest, rasjonalistisk i teologien og orientert mot praktiske reformer i samfunns- og produksjonsliv. Førenamnet blir også ofte skrive Laurentius.
I Rennesøy gjorde Oftedahl seg til talsmann for å starte opp igjen og vidareutvikle hummarfiske i sjøen der, som hadde vore drive i eit visst omfang tidlegare, men som hadde lege nede i mange år. Frå ca. 1814 tok det seg opp att, og soknepresten arbeidde ivrig for at dette skulle bli ei næring til beste for bygda, ikkje minst for dei mindre velståande strandsitjarane, husmenn og andre fattigfolk.
Han arbeidde elles hardt for å betre skulestellet i bygda, mellom anna ved å gje systematisk undervisning av ungdomar som skulle bli lærarar der. I 1813 fekk han i gang ein fastskule i Rennesøy i eit hus som han fekk bygd for føremålet. Det var ein framhaldsskule, dvs eit påbygg på allmugeskulen. Den var berre for gutar, som fekk undervisning i naturkunnskap, historie, morsmål og rekning. Skulesesongen vara frå mai til september. Elevar som ikkje hadde heime i nærleiken, budde i andre etasjen i skulehuset eller leigde seg inn hjå familiar i grannelaget. Skulen var i verksemd til 1821, da læraren der døydde. Les mer …
Hus på Skjelsbekkjordet og Lunde ved Vestfossen. Helt i forgrunnen ser vi den gamle Kongeveien fra 1620-tallet, som gikk via Lunde ned Vestfossen. I bakgrunnen ser vi Kongsbergveien, en veitrase som også ble tatt i bruk på 1600-tallet.
Kongeveien mellom Drammen og Kongsberg var Norges første offentlige kjørevei, og den første veien i landet som fikk betegnelsen kongevei. Den ble anlagt på 1620-tallet i forbindelse med opprettelsen av Kongsberg sølvverk. Veien gikk på nordsiden av Drammenselva fra Bragernes til Hokksund, der det var offentlig sundsted for kryssing av elva. Deretter gikk veien vestover gjennom Fiskum og Kongsbergskogen til Kongsberg. Les mer …
|