Forside:Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Akershus • Buskerud • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Viken fylke (før 1. januar 2020 i Buskerud). V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Fronheim på Vinstra, som Hans H. Lie bygde og bodde i. Han innreda atelier i andre etasje.
Foto: Hans H. Lie
(1900)

Hans Halvorsen Lie (født 22. mars 1867 i Nes i Hallingdal, død 25. oktober 1918 i Nord-Fron) var fotograf med atelier på Vinstra, Ringebu og Otta.

Han var sønn av gardbrukerne Halvor Olsen og Ragne Guttormsdatter. Etter hvert ble han elev av Johan Lund i Christiania, men fotograferte sannsynligvis først i hjembygda. I 1891 bodde han med søsteren i Nes og jobbet som fotograf. I 1893 ble han engasjert av Sigurd Jørstad for å fotografere ved det nye hotellet han hadde bygget i Volbu, Øystre Slidre. I 1895 gifta han seg med Margit S. Jørstad, født 1875 i Øystre Slidre som datter av Sigurd Jørstad.

I 1895 flyttet paret til Vinstra. Med dette ble Vinstra det første stedet i Gudbrandsdalen med faglig utlært fotograf. Her bygget de eget hus med glasstakatelier i andre etasje. I folketellinga 1910 er Hans og Margit Lie oppgitt med fem barn i husstanden, og var bosatt på Fronheim.

Lie reiste mye rundt i distriktet og fotograferte, med atelierer også på Ringebu og Otta. Når fotografen ikke var hjemme på Vinstra hendte det at kona måtte ta seg av fotograferingen der. En mengde av Lies landskapsbilder fra Gudbrandsdalen ble laget til prospektkort. Foruten portretter og landskaper fotograferte han også dyr, blant annet hingster når de skulle på utstilling.   Les mer …

Biskopsvarden.
(1985)
Biskopsvarden er en varde som står på høydedraget rett vest for Store Skiftessjøen i Eidfjord kommune. Varden har et kraftig, rektangulært fundament med delvis oppbygd varde, delvis omrotet og sammenrast. Bolter i et par av steinene etter sekundær bruk som mastefeste. Bilde fra 1985 viser en helt sammenrast varde. Steinene i fundamentet er sterkt overgrodd. Biskopsvarden er en av flere varder på den eldgamle ferdselsveien mellom Eidfjord og Hol. Alderen på vardene er uavklart, men trolig kan de være oppsatt på slutten av høymiddelalderen.   Les mer …

Utsikt mot Ustaoset fra Usteberget.
Foto: Morten Wiig Letnes (2008)
Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh.) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell vart bygd og hyttebyen vaks fram.   Les mer …

Stølen Steintjønnbotten (også kalla Botten, gnr 54, bnr 7) låg nord for Steinvika, vestafor Uggen på Ustaoset i Hol kommune. Lars Torsteinson Heggeset, Kvisla, kjøpte den i 1892 av Margit Knutsdotter øvre Sand, også Kvisla, som i mange år sat som enkje på garden. Han har nok selt stølen vidare til Per Mikkelson Vindegg Bakkegard, Kvisla, for Per selde han i 1905 til Gunvald Larson Luten, Lio, som igjen bytte han bort til Knut Knutson Øyo, også Lio. Stølen hadde då lege øyde i mange år, men Knut fekk bygd både buer, lu og fjøs ved sida av den gamle steinbua. Sander Olson Fossgård og kona Gro, som rydda garden Fossli, Lio, kring 1916, leigde Steintjønnbotten av Thomas Knutson Øyo og støla der i 12 år. Stølsbua og fjøset er i dag (2012) ombygde til hytter.   Les mer …

Ein rein spring forbi dormande pingvinar på Sør-Georgia.
Foto: Liam Quinn
Reinen på Sør-Georgia vart introdusert av norske kvalfangarar i 1911. Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simler) i Hemsedal i 1911 og sette dei ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snøras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken.   Les mer …

Gol stavkyrkje.
Foto: Olve Utne
Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Hallingdalen i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen. Opprinneleg stod stavkyrkja — Garðar kirkia — på den gamle kyrkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje på Leikvollen i Golreppen. Årringsdateringar tyder på at deler av bygninga er oppførte etter 1216, men ho har òg element som er frå så tidleg som 1157. Mange trekk ved kyrkja liknar Hegge stavkyrkje i Valdres; truleg har same byggmeister leidd bygginga av begge kyrkjene. Ho stod truleg i den opprinnelege utforminga si heilt til 1600-talet, med svalgang kring skip og kor. Takryttaren vart fornya i 1694.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar