Hafsal er en matrikkelgard i tidligere Vang kommune, i dag Hamar kommune. Både i matrikkelen 1886 og matrikkelutkastet av 1950 var Hafsal oppført med kun ett bruk, bruksnummer 1. I 2019 er det sju bruksnummer på fradelte boligtomter. Garden har ca. 881 mål dyrka jord og 304 mål skog, noe som gjør Hafsal til en av de største landbrukseiendommene i Vang. Dagens Hafsal innbefatter også de tidligere gardene Åltomten, Vestre Tomten og Kjelsrud. Etter Lars Larsen (1721–1769) sin brukstid har Hafsal gått i arv fra generasjon til generasjon i uavbrutt linje. I de tre siste ledd har to brødre eid og drevet garden i fellesskap. Les mer …
Hanna Marie Resvoll-Holmsen ved teltet sitt i Adamsfjord, Lebesby kommune. Adamsfjordfossen til venstre. Foto: Gunnar Holmsen/NB
Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget.
Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899.
Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa. Les mer …
Den gamle prestegarden i Rendalen, der Samuel Mandall bodde. Foto: Fra Øvre Rendalen: gårdenes og slektenes historie. Samuel Mandall (født 2. juni 1748, død 4. juni 1843), i Rendalen også kjent som «Gammel-Samuel», var sokneprest i Rendalen i åra 1787-1827. Han var en svært populær prest i bygda, fordi han var omgjengelig, dyktig og opptatt av bygdas interesser: Han sørget for restaurering og nybygg på prestegarden, og var opptatt av fattig- og skolevesen, men var også opptatt av å styrke «sedeligheta» i bygda. Han er skildret skjønnlitterært av Jacob Breda Bull i de to romanene Hr. Samuel og Hr. Samuels rike, der han er hovedperson. Herr Samuel var født på Søgarn Låke i Nannestad, og var sønn av sekondløytnant Jens Samuelsen Mandall (1729-1806) og Anna Munch Grüner. Både moren og faren hans var prestebarn: Morfaren var sokneprest i Romedal Peter Christian Jenssen Grüner, mens farfaren var sokneprest i Nannestad Samuel Mandall. Onkelen hans Fredrik Grüner Mandall (1727-1802) ble dessuten sokneprest i Sørum. Familien flyttet til garden Brattvoll i Romedal i 1752. I 1764 flyttet de så videre til Granberg i samme bygd. Les mer …
Utsyn over ein del av Skjåk hovudsokn. Grendene Skjåkstronda (med Skjåk kyrkje) og Bersustronda på hitsida (sørsida) av Ottaelva, Aura (tverrelv frå Aursjoen) og grendene Reppen og Ramstadstronda på andre sida.
Geografien og ressursgrunnlaget i Skjåk har gjort at næringslivet heilt opp mot våre dagar i all hovudsak har vore jord- og skogbruksbasert. Dei store utmarksområda og høgfjellsstrekningane innan kommunen har vore utnytta som ein integrert del av gardsdrifta, og i nyare tid også til reiseliv, ferie- og fritidssyslar. Vassdraga har frå 1920-åra av vore utnytta til kraftproduksjon, seinast med utbygging av Øvre Otta på 2000-talet. Næringslivet er i dag etter måten differensiert, med eit ikkje ubetydeleg innslag av industri i bygdesenteret Bismo. Les mer …
Einar Skjæraasen (født 23. juli 1900 i Trysil, død 18. mars 1966 i Oslo) var hjemstavnsdikter fra Trysil. Med sine vare skildringer av livet, kjærligheten og naturen - mange av dem skrevet på Trysilmål - ble han en svært populær lyriker. Ikke minst oppnådde han, i likhet med sambygdingen Halldis Moren Vesaas, å nå inn i stuene og hjertene til mange nordmenn gjennom diktopplesninger på radio. Han var sønn av Martin Engebretsen Skjæraasen (f. 1872) og Ida Marie Engebretsdatter Østmo (f. 1875), og ble født som den første av åtte søsken på småbruket Mellom-Skjæråsen. Oldefaren Peder Jensen Nordli var husmann under Galåsen, og kjøpte i 1846 deler av Nymosetervollen, hvor bruket Skjæråsen ble rydda. Hans datter Marte Pedersdatter ble gift med Engebret Gjermundsen Nesbakken, og Mellom-Skjæråsen ble utskilt til dem i 1881. Bakgrunnen i husmanns- og småbrukerslekt er noe som går igjen i Einar Skjæraasens diktning. Les mer …
Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen.
Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen ( Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen. Les mer …
Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Innlandet fylke (tidlegare Oppland). Kommunen vart skild ut frå Lom frå 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Ein person frå Skjåk blir kalla ein skjåkvær (utt. skjåkvér). Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna.Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket «gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte». Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonar i bygda. Les mer …
|