Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Jøder»)
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.

Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Sandra Droucker. Maleri av Aleksandr Sokolov (1829–1913).

Sandra Droucker (født 7. mai 1875 i St. Petersburg, død 1. april 1944Hamar) var en russiskfødt konsertpianist, komponist og musikkpedagog. Hun studerte ved konservatoriet i St. Petersburg, men gjorde sin debut i Berlin i 1896, der hun bodde en periode. Her underviste hun mellom 1904-1906 blant annet den norske komponisten og pianisten Anne-Marie Ørbeck (1911–1996). Droucker kunne snakke seks forskjellige språk og kommuniserte på norsk med sine norske studenter. Allerede før Droucker migrerte til Norge, spilte hun i perioden 1907–1908 flere konserter i Brødrene Hals' Koncertsal i Christiania (Stortingsgata 26) og en konsert på Nationaltheatret.

Hun slo seg ned i Oslo i 1933, da hun forlot Tyskland, der hun hadde yrkesforbud på grunn av sitt jødiske opphav på farssiden, samt det da oppløste ekteskapet (1910–1918) med den østerriksk-jødiske pianisten Gottfried Galston (Galitzenstein). Hun fikk i første omgang ett års oppholdstillatelse.   Les mer …

Ephraim Wolff Koritzinsky
Ephraim Wolff Koritzinsky (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Koritzinsky vart fødd 20. juni i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamburg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium på Aars og Voss skole i Kristiania i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.   Les mer …

Faksimile fra Tidens Krav 21. juni 1990; utsnitt av omtale av at Ove Borøchstein og Jahn Teigen skulle utgje Snakk sammen : en samtalebok for ungdom.
Ove Borøchstein (født 16. juni 1949, død 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.   Les mer …

David Glick, frå J : historien om kristiansundsjødene
David Glick (fødd 4. oktober 1907 i Trondheim, død 22. januar 1943 i Auschwitz) var transportarbeidar på Sunndalsøra frå 1941 av. Ettersom han var jøde vart han deportert til konsentrasjonsleir i 1942, og han vart drepen i dødsleiren Auschwitz. Han var son av Elias Glick (1876–1914) og Jenny Glick f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I folketeljinga 1910 finn vi mora, faren og to eldre sysken i Mellomveien 8 i Trondheim. Faren var handelsmann. Ei eldre syster, Anna Glick gift Matulsky, vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, Israel Glick som døydde ung i 1919.   Les mer …

Synagogen og det jødiske museet i Arkitekt Christies gate i Trondheim.
Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opphavleg bygd som endestasjon for Trondhjem-Størenbanen i 1864, med arkitekt Georg Andreas Bull, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925.   Les mer …

Synagogen i Bergstien i Oslo. Foto: Olve Utne
Det mosaiske trossamfunn (DMT) er en betegnelse som brukes av de to jødiske trossamfunnene i Norge, Det Mosaiske Trossamfund i Oslo og Det mosaiske trossamfunn, Trondheim. De to er registrert som selvstendige trossamfunn, idet hver menighet skal stå fritt i forhold til den andre uten noen formell nasjonal overbygning.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur


 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...