Peder Pedersen Aune (født 1820 i Tydal, død 1882 i Minnesota) var gardbrukar, og var sannsynlegvis den fyrste som utvandra frå Tydal på 1800-talet. Han vart med på ein ekspedisjon som drog frå Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og var med på å etablere byen Joinville i Brasil føre han kom fram til gullfelta. Seinare kom han heim og busette seg på Røros, men vart berre buande der i ti års tid før han utvandra på nytt til Minnesota. Les mer …
Kart over framrykningen og tilbaketrekningen. Datoene er i henhold til juliansk kalender.
Karolinernes dødsmarsj var det svenske forsøket på å ta seg tilbake til hjemlandet over Tydalsfjellene i Trøndelag i januar 1719. Karl XII – navneopphavet til karolinerne – falt ved Fredriksten festning 11. desember 1718, og med det var store nordiske krig over. Etter at general Carl Gustaf Armfeldt fikk melding om dette forsøkte han å lede styrkene i Trøndelag over til Sverige, men de ble overraska av en voldsom storm. Neste to tredjedeler av de omkring 6000 soldatene omkom, og mange av de som overlevde hadde sterke forfrysninger. Sagn fra området forteller at norske bønder i løpet av våren henta ned betydelige mengder utstyr og våpen fra fjellet, og at det i lang tid var vanlig å komme over levninger av mennesker og hester der. Les mer …
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein sauerase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England på 1700-talet — trulig ryeland. Les mer …
|