Kirkekretsen skole i 1910-åra, ikkje lenge etter at Johan Aarskog kom til Veldre. Han sit midt i andre rekkja.
Johan (Brithanus) Aarskog (fødd 28. august 1882 i Rovde på Sunnmøre, død 2. juni 1965) var lærar og kyrkjesongar. Målmannen og vestlendingen Aarskog verka lengst i austlandsbygda Veldre i Ringsaker, der han utanom skolen engasjerte seg sterkt i ungdomslagsarbeid og lokalpolitikk. Aarskog, som var venstremann, hadde ifølge journalisten Oddvar Røst en «resonerende evne og en klar form», noe som gjorde han til «den utvilsomt beste debattant i Ringsaker herredsstyre».Aarskog var medlem av skulestyret i både Sunnylven og Ringsaker, og han sat som formann i Ringsaker lærarlag i ti år. Like lenge var han formann i Hedmark krins av Noregs lærarlag. Les mer …
Nedre Ekset. Foto: Francis Bull
Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.
Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.
I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845. Les mer …
Det som i dag blir kalla Volda sentrum, består av kjernen i dei gamle gardane (rekna frå søraust): Rotset, Øyra (Prestgarden) og Halkjelsvik nede ved fjorden, og så Heltnane, Bratteberget, Rotevatn, Engeset, Klepp ovafor. Også Norddalen og Strand på vegen utover mot Ekset har etter kvart vokse inn i sentrum. Frå gamalt omfatta sentrum gardane Øyra og Halkjelsvik og vart kalla Øyralandet eller berre Land.
Halkjelsvik var opphavleg ein stor gard - nærast eit herresete - mellom Vikeneset og Øyraelva. Garden er nemnt i kongesogene til Snorre Sturlasson; Håkon og Eirik Jarl skal ha lege her med heile hæren sin før slaget i Hjørungavåg ein gong sist på 900-talet.
Den eldste Voldskyrkja stod like ved tunet på Halkjelsvik, og det er sjølvsagt ein av grunnane til at det voks fram eit bygdesentrum her. Utanom dei reint kyrkjelege handlingane var kyrkjebakken ein viktig stad for informasjonsspreiing og kunngjeringar av verdsleg informasjon, m.a. lovar og forordningar. Les mer …
|