Holmengrå fyrstasjon
Holmengrå fyrstasjon | |
---|---|
Holmengrå fyr i 2022. Foto: Karsten Madsen
| |
Oppretta: | 1892 |
Status: | Automatisert og avbemanna 1986 |
Eier: | Staten |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr.: | 3 |
Holmengrå fyrstasjon er eit fyr i Fedje kommune i Hordaland. Det vart oppretta i 1892. I 1986 vart det automatisert og avbemanna.
1. Fyrkommisjonen av 1828 hadde gjort framlegg om Holmengrå for eit nordre innseglingsfyr til Bergen. Men fyrkommisjonen av 1851 kom til eit anna resultat, då dei etter ei synfaring rådde til eit kyst- og innseglingsfyr på Hellisøy. Dette kom då i første omgang, sjå gnr 173. I 1890 kom det framlegg om å flytta fyret på Rongeværet i Austrheim (oppretta i 1870, sjå Austrheimb. III s 649) til Holmengrå. Rongeværet vart deretter nedlagt og erstatta av ei fyrlykt, og Holmengrå fyr vart bygd i 1892, på den nordlegaste holmen på Fedje. Det gav rettleiing for m.a. innseglinga til Sognesjøen. Fyrvesenet fekk skøyte for 1400 kr på holmen i 1893, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det vart bygd ein fyrvaktarbustad med tårnlykt på taket, eit uthus og naust. I 1908 vart det bygd assistentbustad. I 1916 rapporterte fyrvaktaren at fyrbygningen var skadd pga uvær, sjøen slo ikkje sjeldan mot den. Same året vart fyrbygningen flytta eit stykke mot søraust til eit høgare punkt. I 1948 vart det vedteke at det ikkje lenger skulle vera familiebustader her. Fyrvaktarbustaden vart ominnreidd med hyblar og fellesrom, og assistentbustaden vart seld og riven. I 1955 vart det bygd eit nytt fyrtårn med maskinhus på vestsida av holmen. Fyret vart automatisert og avfolka i 1986. Forsvarsbygg fekk skøyte på fyrstasjonen i 2013.
2. Johan Daniel Iversen f. 1847 Larvik d. 1932 g.m. Therese Jansen f. 1859 Fjære i Grimstad d. etter 1932. Han var den første fyrvaktaren her, frå 1892 til 1898. Han kom då frå fyrassistentstillinga på Træna fyr, Helgeland. Først budde familien i Kristiania (Oslo). Frå 1898 til 1913 var han fyrvaktar på Homborsund fyr, Grimstad. Til slutt budde dei i Stavern.
Born: a. Johanna Trine Iversen f. 1884 Kristiania d. lita. b. Alberta (Ally) Iversen f. 1886 Kristiania d. 1977 g. 1913 Oslo m. Alf Christian Kornelius Lund f. 1882 Kristiania d. 1955, bustad Oslo. c. Trine Johanna (Hanken) Iversen f. 1888 Fjære d. 1957, ugift, bustad Oslo.
3. Mikal Eriksen f. 1846 d. 1931, sjå Kopper gnr 168 bnr 1-25, var den første reserveassistenten her frå 1894 til 1902, han gjorde teneste 6 md i vinterhalvåret.
4. Johan Henrik Bryde f. 1857 Stokke i Vestfold d. 1929 g. 1883 Sandar m. Erika Kornelia Lyhmann f. 1859 Rød i Sandar (nå i Sandefjord) d. 1942. Bryde var fyrvaktar frå 1899 til 1907. Dei budde tidlegare i Sandar og Sandefjord, han var skipsførar. Han var fyrvaktar på Lista fyr, Farsund frå 1907 til 1915. Seinare bustad Stavern. Ho døydde i Stavanger, der dottera budde.
Born: a. Carl Magnus Bryde f. 1885 d. 1912, utvandra til USA i 1905, bustad San Fransisco. b. Magdalena (Mossa) Bryde f. 1887 d. 1975, reiste til USA, g.1.g. 1912 i Virginia m. Anders Christian Testman f. 1884 Sandefjord d. 1953, bustad Galveston i Texas. Ekteskapet oppløyst, hans seinare bustad Escambia i Florida. Ho flytta til Kristiansand, g.2.g. 1925 m. em. Halfdan Abel-Lunde f. 1864 Hamar d. 1950, fabrikkeigar, bustad Stavanger. c. Josef Lyhmann Bryde f. 1890 d. 1977, emigrerte til Amerika i 1909, farmar i Moose Jaw, Saskatchewan i Canada, g.m. Olive. d. Erling Bryde f. 1891 d. 1973, bustad Moose Jaw, seinare Vancouver i Canada, g.m. norskfødde Marit (Mary) Kvål f. 1879 d. 1963 (utvandra 1907). e. Elna Bryde f. 1893 d. 1952, bustad Stavern, seinare Nesodden. f. Johannes Bryde f. 1895 d. 1962, bustad New York, seinare San Bruno i California, USA. g. Halfdan Emil Bryde f. 1900 d. før faren.
5. Johan Langeland f. 1878 d. 1941, sjå Mulen gnr 169 bnr 16-1, var reserveassistent frå 1902 til 1903.
6. Johan Olai Lillerøvde f. 1865 Rovde i Vanylven, Sunnmøre d. 1936 (jf Rovdeb. I s 761) g. 1907 Horten m. Ragna Jonetta Rasmina Løset f. 1881 Meløy i Nordland, oppvaksen Vanylven d. 1925 (sjå Syvdeb. s 436). Lillerøvde var fyrvaktar frå 1908 til 1914. Så var han fyrvaktar på Runde fyr, Herøy på Sunnmøre frå 1914 til 1929 (jf Herøyb. I s 266). Han døydde på Knardal i Rovde.
Born: a. Malena Kristine Olava Lillerøvde f. 1908 Tjøme d. 1940, ugift, bustad Knardal i Rovde. b. Olina (Lina) Marta Lillerøvde f. 1909 d. 1972, ugift, bustad Vanylven. c. Astrid Johanne Lillerøvde f. 1910 d. 1970 g. 1939 Rovde m. folkeskulelærar Sverre Johannes Ljoså f. 1910 Rovde d. 1972 (jf Rovdeb. III s 354), bustad Ørsta. Som enkjemann flytta han til Vågsøy. Han omkom i flyulykka i Asker litlejulaftan, ved innflyginga til Fornebu, flyet kom frå Ålesund. d. Kristine Helene Lillerøvde f. 1912 d. 1938 (tub.), ugift, bustad Knardal i Rovde. e. Martinus Rovde f. 1913 d. 1981 g. 1954 m. Britha Elise Rogne f. 1925 Leirsund i Skedsmo d. 1987, bustad Oslo. f. Olava Lillerøvde f. 1917 Volda d. 1998, ugift, bustad Ørsta. g. Rolv Johan Lillerøvde f. 1920 Herøy d. 1990 g. 1958 m. Unni Nygaard f. 1930 Askim d. 2001, bustad Oslo.
7. Ivar Johansen Tangen f. 1874 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-15a) d. 1944 var reserveassistent her frå 1903 til 1911, og fyrvaktar frå 1915 til 1919. Då vart han fyrvaktar på Hellisøy fyr, sjå der (gnr 173 bnr 1-17) og Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-16).
8. Gregorius Gudmundsen Husa f. 1878 (gnr 168 bnr 6-3d) d. 1957 var reserveassistent frå 1911 til 1917. Sjå Nygård gnr 172 bnr 16-2, der familien er ført.
9. Johan Ludvik Heum f. 1892 Brunlanes, Larvik d. 1937 g. 1918 m. Martha Iverine Olsd Lenvik Bø f. 1890 Lærdal i Sogn d. 1982 (jf Lærdalsb. II s 504). Ho vart utdanna jordmor i Bergen i 1914. Heum var fyrvaktar frå 1919 til 1925. Dei kom då frå Lærdal, han var tidlegare marineoffiser. Frå 1925 til han døydde var han fyrvaktar på Obrestad fyr, Hå på Jæren.
Born: a. Erling Johan Heum f. 1918 d. 1949, bustad Lærdal. b. Sigrid Ovidia Heum f. 1920 g. 1942 m. Svein Hovland f. 1906 Breistølen i Lærdal d. 1990, budde der på Lærdalsøyri (jf Lærdalsb. I s 411).
Enkja Martha Heum g.2.g. 1947 Bergen m. em. Otto Ravn Ottesen f. 1885 Lærdal d. 1969, bakar, budde der.
10. Hilmar Stormark f. 1894 Sulo i Øygarden d. 1949 var reserveassistent frå 1920 til 1934. Så var han fyrmeister på Gjæslingan fyr, Vikna i Nord-Trøndelag frå 1934 til 1939. Frå 1939 til han døydde var han fyrmeister på Geita fyr, Askvoll i Sunnfjord (jf Askvollb. IIB s 718). Familien er ført på Stormark gnr 172 bnr 24-1.
11. Konrad Tangen f. 1901 d. 1964 var reserveassistent 1917-1919 og 1935-1946. Sjå elles Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-16b, der familien er ført.
– Seinare fyrbetjentar frå Fedje er oppførte under sine faste bustader.
12. Thorodd Ragnvaldsen Normann f. 1880 Vågan i Lofoten d. 1931 g. 1910 m. Anna Jørgine Jørgensd Mæland f. 1881 Bergen d. 1948. Normann var tidlegare styrmann, og dei budde då i Bergen. Så var han fyrassistent på Fugløykalven fyr, Karlsøy i Troms. Han var fyrvaktar på Holmengrå frå 1925 til han døydde. Familien flytta deretter tilbake til Bergen.
Born: a. Anne Marie Normann f. 1916 d. 1982 g. 1935 Bergen m. Olav Austbø f. 1911 Hyllestad i Sogn d. 1991 (sjå Hyllestadb. I s 289), bustad Bergen. b. Thorodd Normann f. 1920 d. 1988, sjømann/maskinmann, sigla ute under krigen, g. 1965 m. enkja Kirsten Ebenharda Petterson f. 1911 Johannesen, Lenvik i Troms d. 1986, bustad Bergen.
13. Peder Golondus Nilsen Lanes f. 1879 Malangen, Balsfjord i Troms d. 1965 g. 1939 m. Anna Torine Eliasd Ytre‑Hauge f. 1888 Rugsund, Bremanger i Nordfjord d. 1968 (jf Bremangerb. III s 291). Ho var andre kona hans, sjå nedanfor. Frå 1926 var Lanes fyrassistent på Ytterøyane fyr, Kinn i Sunnfjord, før han var fyrvaktar her på Holmengrå frå 1931 til 1949. Då flytta dei til Hesthaugen gnr 169 bnr 55-3, sjå meir der.
Peder Lanes g.1.g. 1920 m. Anna Karoline Karlsen f. 1891 Nedre Moen, Målselv i Troms d. 1972 (jf Målselvb. II s 192 og 195). Dei vart vigde i Sjømannskyrkja i North Shields i Storbritannia, og budde i Trondheim, han var skipsførar. Ekteskapet oppløyst, ho flytta sidan til Stavanger.
Barn: a. Margit Helene Lanes f. 1921 d. 2007, jordmor, g. 1955 m. Karstein Fredriksen frå Ankenesstrand i Narvik. Margit oppattgift Larsen, bustad Tranby i Lier, til slutt Oslo.
14. Egill Johnsen f. 1909 Ålesund d. 1963 g. 1938 m. Aasta Holm f. 1910 Ålesund d. 1989. Han var då skipsradiotelegrafist. Han var fyrmeister på Holmengrå frå 1949 til 1954, og var tidlegare fyrassistent på Skrova fyr, Vågan i Lofoten. Frå 1954 til 1957 var han fyrmeister på Bremstein fyr, Vega på Helgeland, og frå 1957 til han døydde på Skalmen fyr, Smøla på Nordmøre. Ho flytta seinare til Porsgrunn.
Barn: a. Ole Johnsen.
15. Olav Dybvik f. 1913 Sula d. 1985 var fyrmeister frå 1954 til 1965. Tidlegare var han fyrbetjent på Grip fyr, Kristiansund. Familien budde på kommunehuset, sjå Svena gnr 168 bnr 102-3. Han var fyrmeister på Kjeungskjær fyr, Ørland i Sør-Trøndelag frå 1965 til 1968, på Kvitholmen fyr, Eide i Romsdal frå 1968 til 1971, og på Hellevik fyr, Haram på Sunnmøre frå 1971 til 1982.
16. Leif Nicolai Sæle f. 1915 Øygarden d. 1980 var fyrmeister frå 1965 til han døydde. Han byrja i fyrvesenet i 1950, og var først betjent på Holmengrå, og seinare på Hellisøy fyr. Gift 1940 m. Julie Hansen f. 1919 Kaland i Austrheim d. 2010, familien busett der (sjå Austrheimb. I s 189). Ho var søster til den neste fyrmeisteren (17).
17. Henry Evan Kaland f. 1921 Austrheim d. 1999,[1] ugift (jf Austrheimb. I s 175). Han var den siste fyrmeisteren her, frå 1980 til 1986, då fyret vart automatisert og avfolka. Tidlegare var han fyrbetjent på Holmengrå frå 1959, og så fyrmeister på Utvær fyr, Solund i Sogn frå 1973 til 1980.
Eksterne lenkjer
Referansar
Kjelder
- Eli J. Ellingsve. Finn et fyr. Tapir Akademisk forlag. 2007.
- Kystverket. Landsverneplan for Maritim Infrastruktur. 2009.
Holmengrå fyrstasjon er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Bergly (Fedje gnr 169 bnr 37) • Neste bolk: Skotholmen |