Forside:Hordaland

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hordaland (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Hordaland
12 Hordaland vapen.png
Hordaland var eit fylke på Vestlandet, med administrasjonssenter i Bergen. Det grensa mot Sogn og Fjordane i nord, Buskerud og Telemark i aust, og Rogaland i sør. Den 1. januar 2020 vart det som del av regionreforma 2014–2018 slått saman med Sogn og Fjordane til nye Vestland fylke.

Fylket hadde fem distrikt: Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland ved kysten, og innlandsdistrikta Hardanger og Voss.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Om lag 1960, nordre del av Rognsvågen. Til venstre Nedst-Tangen bnr 218, busetnaden i Rognsvågen bak.
Nedst-Tangen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Dette er det sørlegaste av bruka i Tangane. Uttalen er «nestånjenn». Det tidlegare namnet Tangen Indre er brukt første gong i 1645. Søre Tangen har av og til vore nytta som nemning, m.a. i 1666, 1701 og 1769. Den gamle landskylda var på ½ våg fisk.

1. Ola Jonsen er nemnd i 1603, 1612, 1614 og 1617, så då var det to bruk i Tangane, nordre og indre.   Les mer …

Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2 og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Kremmarholmen på Fedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1). Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje.   Les mer …

Mot breen fra Bondhus
Turistvegen over Folgefonna er en fottur som følger i sporene etter de europeiske turistene som flokket til fjord-Norge fra midten av 1800-tallet. Turen går fra Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er en av flere Historiske vandreruter lansert av Riksantikvaren og Turistforeningen i samarbeid. Turen starter i Sundal ved Maurangerfjorden. Hit kom turistene med store dampbåter. Fra Sundal følger man det første stykket den gamle Isvegen opp Bondhusdalen. Vegen ble anlagt i forbindelse med is-uttakning fra Bondhusbreen (brearm til Folgefonna) på 1860-tallet og går helt fra brygga i Sundal og opp til Bondhusvatn på vestsiden av Bondhuselva . Noen hundremeter nedenfor Bondhusvann deler veien seg, og turistvegen tar av mot venstre, krysser Bondhuselva og følger «Keiserstien» (på kartet: Gardshammarvegen) oppover den bratte Hillerslia mot Gardsahammarstølen. Opp det bratteste snirkler stien seg i 18 fine hårnålssvinger: stien ble anlagt på denne måten for at turistene skulle komme seg opp til breen på hesteryggen. Fra Gardshammarstølen er det en fantastisk utsikt mot fjorden.   Les mer …

Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer …

Utlånsprotokoll for Tysnes folkeboksamling, 1940-talet.
Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla. Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag.   Les mer …

Soknekirken St. Paul i Bergen.
St. Paul menighet er den katolske menigheten i Bergen. Den første soknepresten ble utnevnt i 1857, og 1858 regnes gjerne som grunnleggelsesåret for menigheten. Formelt ble den det året en misjonsstasjon, og i 1870 ble den selvstendig menighet. Soknekirken St. Paul sto ferdig først i 1876. Det ble raskt etter at St. Olav menighet var oppretta i Christiania i 1843 lagt planer for en misjonsstasjon i Bergen. Selv om det nok hadde bodd katolikker i Bergen i tida etter reformasjonen, hadde de aldri fått begrensa religionsfrihet slik det var i bergstadene og i Fredrikstad. Det var derfor svært få katolikker i byen, og dermed lite grunnlag for å etablere en menighet på kort sikt. Det som allikevel lokka, var dels at Bergen var en svært viktig by, i mange henseender langt viktigere enn Christiania, og dels at det på grunn av den store skipstrafikken ville være et stort antall katolikker som hadde kortere eller lengre opphold i byen. Sokneprest Gottfried Ignatius Montz i Oslo og pater Johan Daniel Paul Stub, som var bergenser, var derfor villige til å forsøke å etablere noe i byen. Fram til 1845 var det bare i Christiania de hadde lov til å etablere fast virksomhet, men i 1845 kom dissenterloven, og dermed var det åpent for nyetableringer.   Les mer …

Arvid G. Hansen ca 1920
Foto: Ukjent- skannet fra boka Ungdoms fanevakt, Oslo 1951

Arvid Gilbert Hansen (født 5. mai 1894 i Kristiansand, død 24. januar 1966 i Oslo) var politiker, journalist og forfatter. Særlig i 1920-åra og i første halvparten av 1930-tallet hadde han en fremtredende rolle innen den kommunistiske delen av arbeiderbevegelsen. Han blir regnet som kommunistpartiets ledende ideolog i denne perioden, og gjorde seg også gjeldende i den kommunistiske verdensbevegelsen, på dens venstre fløy. Hansen var en sterk motstander av samarbeid med de reformistiske sosialistpartiene, og hadde medgang og motgang i Komintern i takt med de mange linjeskiftene som Stalin befordret i denne perioden. Etter at han i 1949 ble ekskludert fra NKP, trakk Hansen seg ut av offentlig politisk virksomhet.

Arvid G. Hansens yrkesgjerning finner vi mest innen presse og opplysningsarbeid.   Les mer …

Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Hordaland
 
Andre artiklar