Hanna Castberg von der Lippe ca. 1920. Foto: Ukjent/Digitalt museum Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i NKP.
Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar.
Les mer …
Henrik Egeberg Foto: Ukjent. Henrik Egeberg (fødd i Romedal, nå Stange kommune 19. mai 1882, død 31. august 1950) var småbrukar, redaktør og organisasjonsmann. Han er mest kjend for å ha vore med og stifta Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og for sin mangeårige innsats som sekretær, leiar og redaktør innan denne samskipnaden. Av utdanning hadde han mellomskule og/eller amtsskule, handelsskule og landbruksskule. I folketeljinga 1900 finn vi Egeberg som skuleelev i Elverum. Han losjerer hos amtsskulestyrar Halfdan Cock-Jensen på garden Fossmo. Det danna seg eit livsvarig vennskap og fellesskap i fagleg interesse mellom dei to. I 1909 kjøpte Cock-Jensen småbruket Mailand i Lørenskog. Han og Egeberg dreiv bruket i fellesskap, og dei arbeidde det opp til eit mønsterbruk for småbruksdrift og smånæringar. Fram til Cock-Jensens død i 1923 dreiv dei ei omfattande kursverksemd der for småbrukarar. Les mer …
Halfdan Cock-Jensen Foto: Ukjent. Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.» Les mer …
Nikolai Ramm Østgaard ca. 1864 med døtrene Thora, Ragnhild og Aagot på fanget
Nikolai Ramm Østgaard (fødd i Trondheim 21. april 1812, død i Elverum 3. januar 1873) var jurist, embetsmann og forfattar. Han var fut i Sør-Østerdal futedømme 1859-1872. Særleg er han kjend som forfattar av folkelivsskildringa En Fjeldbygd, med tema frå Tynset, der han budde frå han var sju til han var tolv år gammal.
Østgaard tilhøyrde i 1840- og 1850-åra eit nasjonalt orientert, språkpolitisk engasjert og folkelivsinteressert litterært miljø i Christiania. Det var sentrert rundt foreininga Tollekniven og Kristiania norske Theater, og inkluderte elles namn som P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund, Aa. O. Vinje og Knud Knudsen.
En Fjeldbygd kom i kjølvatnet av og bidrog sjølv til vidareutvikling av det nasjonale gjennombrotet i litteratur og folkelivsgransking midt på 1800-talet. Boka er ein kombinasjon av dokumentarberetning og underhaldande forteljing. Den har truleg gjeve inspirasjon og lånt motiv til Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar, noko som i samtida iallfall vart sterkt framhalde av Aa.O.Vinje. Verket er ikkje minst interessant ved dei haldningane som forfattaren legg for dagen i høve til sitt tema og «granskingsobjekt», bygdefolket på Tynset.
Ved museumssenteret Ramsmoen på Tynset er det reist ein bauta over Østgaard. Les mer …
Motiv fra Christiansfjeld festning. Foto: Ukjent (Normanns kunstforlag)
Christiansfjeld festning var en festning i Elverum kommune. Dagens kommunesenter, Leiret, vokste frem rundt festningen, og det finnes fortsatt spor etter den i et parkområde. Festningen ble anlagt av Gustav Wilhelm Wedel Jarlsberg under navnet Hammersberg skanse i 1683. Da Christian V besøkte stedet den 14. juni 1685 fikk den navnet Christiansfjeld etter ham, og ble oppgradert fra skanse til festning.[1]Under flere av krigene mellom Norge og Sverige på 1500- og 1600-tallet hadde svenske styrker marsjert gjennom Elverum. Dette skjedde blant annet i 1567, da Hamar domkirke ble ødelagt. Det ble derfor besluttet å opprette flere skanser i Elverumsområdet, blant dem Hammersberg skanse omkring en halv kilometer nordøst for daværende Elverum hovedkirke.
Les mer …
|