Tegning av Væringsaasen (1892)
Helge Væringsaasen (født 8. oktober 1836 i Elverum, død 23. august 1917 på Korsbakken i Elverum) var skogeier, industrigründer, legatstifter og samfunnsstøtte.
Han var svært velstående skogeier som utviste et sterkt samfunnsengasjement og -ansvar. Han var opptatt av nasjonale spørsmål, arbeidet for å oppheve av unionen med Sverige og etter unionsoppløsningen for innføring av republikk. Han brukte store deler av formuen sin på kunst, kultur, skole- og opplysningsarbeid.
Les mer …
Halfdan Cock-Jensen Foto: Ukjent. Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.» Les mer …
Håvard Skirbekk som student 1922. Fotograf ukjent. Håvard Skirbekk (fødd i Elverum 28. februar 1903, død på Hamar 4. februar 1983) var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar. Han var dessutan språkinteressert og språkpolitisk engasjert. I debatten om målformer stod han for ei samnorsk linje. Han var nynorskforkjempar på austnorsk grunn og tilhengar av ei fornorsking av bokmålet. Skirbekk er kjend for sin store innsats på svært mange felt innan organisasjons- og kulturlivet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I 41 år var han knytta til Glomdalsmuseet, fyrst som styremedlem frå 1929, så som konservator/fyrstekonservator og styrar 1950-1970. Han fekk i gang Årbok for Glåmdalen i 1941, og var redaktør for denne heilt frå starten til det siste året han levde. Håvard Skirbekk vart i 1965 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt mangfelte virke. Håvard Skirbekk voks opp i eit politisk engasjert miljø som var både nasjonalt og sosialt orientert. Faren var aktiv venstremann og arbeidardemokrat. Da han var ordførar for Venstre i Elverum, arrangerte han i 1894 det første 1.mai-toget på landsbygda i Noreg, og elles var han ivrig folkeopplysningsmann, fråhaldsmann, målmann og forsvarsven. Les mer …
Nikolai Ramm Østgaard ca. 1864 med døtrene Thora, Ragnhild og Aagot på fanget
Nikolai Ramm Østgaard (fødd i Trondheim 21. april 1812, død i Elverum 3. januar 1873) var jurist, embetsmann og forfattar. Han var fut i Sør-Østerdal futedømme 1859-1872. Særleg er han kjend som forfattar av folkelivsskildringa En Fjeldbygd, med tema frå Tynset, der han budde frå han var sju til han var tolv år gammal.
Østgaard tilhøyrde i 1840- og 1850-åra eit nasjonalt orientert, språkpolitisk engasjert og folkelivsinteressert litterært miljø i Christiania. Det var sentrert rundt foreininga Tollekniven og Kristiania norske Theater, og inkluderte elles namn som P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund, Aa. O. Vinje og Knud Knudsen.
En Fjeldbygd kom i kjølvatnet av og bidrog sjølv til vidareutvikling av det nasjonale gjennombrotet i litteratur og folkelivsgransking midt på 1800-talet. Boka er ein kombinasjon av dokumentarberetning og underhaldande forteljing. Den har truleg gjeve inspirasjon og lånt motiv til Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar, noko som i samtida iallfall vart sterkt framhalde av Aa.O.Vinje. Verket er ikkje minst interessant ved dei haldningane som forfattaren legg for dagen i høve til sitt tema og «granskingsobjekt», bygdefolket på Tynset.
Ved museumssenteret Ramsmoen på Tynset er det reist ein bauta over Østgaard. Les mer …
Harald Ramm Østgaard. Foto: R. Ovesen, Kristiania.
Harald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var jurist, sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen.
Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut i Sør-Østerdal futedømme, Nikolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910).Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår på Torshov, som fram til 1859 tilhøyrde Aker herred. Familien budde på Rosenlund, ein eigedom som faren hadde kjøpt i 1844.
Da faren vart fut i Sør-Østerdal i 1859, selde dei Rosenlund og flytta til Elverum. Les mer …
|