Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige. Les mer …
Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjon på Semska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet. Les mer …
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evensgård og Kvæl på Røkland i Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk. Les mer …
|