Lauritz Bagstevold i selvbygget trebåt med motor. Bildet er tatt på Eikeren ved gården Gunhildrud i 1937. Lauritz var født på en plass under nabogården Baksteval, men flyttet seinere til Petraborg ved Vestfossen. Foto: Bildet er registrert av Arne Thorkildsen i 1986.Eier og informant er Erik Hægstad fra Gunhildrud. NEG 70 Fra robåt og seil til motor er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1959 med tittel Fra robåt og seil til motor. Utsendarar var Knut Weibust og J. Tvedt. Les mer …
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved at stormastra primært er sneiseglrigga.
Ein skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint sneiseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju mastrer. Toppseglskonnerten er sneiseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemastra, og ofte òg på stormastra.
Ein skonnertbrigg eller brigantin har to mastrer, med skværseglrigg på fokkemastra og sneiseglrigg/gaffelseil på stormastra. Fokkemastra er tredelt med mers og stormastra er todelt med saling som typisk for skonnertriggen. Dette er såleis ein blandingsrigg og han har ôg vorte kalla «hermafroditt-brigg» og «halv-brigg». I norske 1800-talskjelder er skonnertbrigg eller brigantin oftast kalla «skonnert», noko som har ført med seg mange misforståingar. Misforståingane kan vera at ein går ut frå at båten er omrigga, og i leksikon er denne blandingsriggen gjerne fremstilt som rein skonnertrigg. Les mer …
|