Forside:Rennebu kommune

Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:33 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: OppdalRennebuOrklandSkaun
TIDLIGERE KOMMUNE: AgdenesMeldalOrkdal

Om Rennebu kommune
1635 Rennebu komm.png
Rennebu kommune er ein kommune i Trøndelag fylke. Namnet har truleg vore bygdenamn frå gamalt (som Sparbu, Ringebu o.a.). Første leddet er ikkje tyda. Rennebu var truleg eige prestegjeld i mellomalderen. I tidleg nytid var bygda annekssokn under Meldal prestegjeld, til det vart oppretta som eige prestegjeld i 1862. 1. januar 1966 vart Innset sokn i Kvikne kommune lagt under Rennebu prestegjeld og kommune. Resten av Kvikne vart lagt under Tynset kommune. I 1970 vart Garlia overført frå Tynset til Rennebu.

Kommunesenteret er i dag Berkåk. Tidlegare var det på Voll, der kyrkja ligg. Rennebu grensar mot nordmørskommunane Surnadal og Rindal; nordøsterdalskommunen Tynset; og orkdalskommunane Oppdal og Meldal.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Rennebu Idrettslag vart konstituert 9. desember 1945 ved at dei sju idrettslaga som da fanst i Rennebu kommune vart slegne saman til eitt. Laget reknar likevel historia si attende til 1905, da det første organiserte laget, Rennebu skilauparlag, vart starta. Utgangspunktet var truleg dei to ungdomslaga som vart starta i midtbygda og på Havdal. Det neste idrettslaget i kommunen var Birkebeineren, stifta i Grindalsgrenda i 1910. Det laget endra namn til Trollheimen idrettslag i 1912. Same året tok tok skilauparlaget opp fotball og endra namn til Idrettslaget Fram. Da vart òg Skogbyggen idrettslag etablert.   Les mer …

Jøldalshytta 2009
Foto: A. Kjelland

Jøldalshytta er ei av hyttene til Trondhjems Turistforening (TT) i Trollheimen. Ho ligg på Jøldalen i Rennebu og er den andre hytta TT har hatt i dette området. Den hytta som står no vart bygd i 1917 i to etasjer med kjøken, peisestove og rom for betjeninga i første etasje og 8 soverom med 23 senger i andre etasje.

Den første Jøldalshytta lå i den store setergrenda lenger framme i Jøldalen, der mange gardar i Grindalsgrenda i Rennebu har setrar. I 1907 kjøpte TT ei av desse, Hosetsetra for 520 kr, og tok ho i bruk som den andre turisthytta foreininga hadde i dette fjellområdet.   Les mer …

Haldo Rasmusen Mærk (født ca. 1651, død 1717 - begravet 15.8.1717) var gårdbruker. Han hadde søndre del av Mærk i Rennebu. I bygdeboka, på side 126, bind I, står følgende: "I 1721 vart Rasmus Holdosen Mærk innstemna av lensmann Erik Mærk fordi han hadde trengt seg inn på enga hans innagjerds. Lagretten fann at innmarka var svært oppstykka og blande om kvarandre. Både den dåverande eigaren og den førre eigaren av den sørlege gardparten hadde ved pløyinga si "indgrebet og fornærmed" eigaren av den nordre grunn". På side 128 står følgende: "Mærk vart delt først på 1600-tallet, og i vel 100 år framover var det 2 gardar i grenda". I 1730-åra kjøpte lensmann Mærk også den søndre del, og gården ble dermed samlet igjen.   Les mer …

Rennebu historielag vart starta 27. desember 1949 og er historielag for Rennebu kommune i Trøndelag. Ingebrigt O. Rokkones tok initiativet i 1947 ved å sende eit brev til kommunestyret med oppmoding til å oppnemne ein nemnd som kunne førebu skipinga av eit historielag. Kommunestyret nemnde opp ein person frå kvar av dei åtte skulekrinsane som var da: Aune, Voll, Refshus, Berkåk, Nordskogen, Gisnås, Havdal og Nerskogen.   Les mer …

Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland
Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.   Les mer …

Dei nedre setrane.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)
Svartådalen er ein seterdal sentralt i Trollheimen, innafor grensene til Rindal kommune. Setrane her er rydda kring 1730 av tre gardbrukarar frå Indre Romundstad i Rindalen. Seinare kom setrane på handel og vart oppdelte, slik at i 1810 hadde desse fire gardsbruka på Romundstad setrar i dalen: Oppistuggu Indre, Austistuggu Indre, Utistuggu Ytre og Austistuggu Ytre. I tillegg hadde Tretta øvst i Rindalen den nedste setra i dalen. Utover 1800-talet begynte så gardbrukarar i Rennebu å kjøpe setrar i Svartådalen. Først var Bruholt, som kjøpte halvparten av seterretten til Austistuggu Ytre Romundstad i 1813. Sju år seinare kjøpte brukaren på Sørstuggu Grindal halvparten av seterretten til Utistuggu Ytre Romundstad, og om lag samstundes kjøpte Reitås den andre halvparten.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Rennebu kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar