Forside:Øygarden kommune

Sideversjon per 1. des. 2011 kl. 11:23 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sund • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden
TIDLIGERE KOMMUNE: Fjell • Sund

Om Øygarden kommune
1259 Oygarden komm.png
Øygarden kommune er ein kommune i Vestland fylke. Heile kommunen ligg på øyer utanfor Bergen, i alt 1525, og utgjer ei øyrekkje mellom Hjeltefjorden og Vatlestraumen/Raunefjorden i aust og Nordsjøen i vest. Rekkja går frå Fedjeosen i nord til Krossfjorden i sør.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942.
Foto: Commons-brukaren Cavernia

Telavåg er ei bygd i Øygarden kommuneSotra. Stedet hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.

Telavåg er særleg kjend for represaliane etter ei trefning i 1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai 1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om Englandsfarten og Shetlands-Larsen.   Les mer …

Sund kystlag er et kystlag i tidlegare Sund kommune (no Øygarden kommune) på Sotra i Midthordland. Laget ønsker å samle store og små med interesse for kystkultur, restaurere gamle båter og motivere medlemmene til å ta vare på og bruke sine egne båter. De gir opplæring i seiling, gir kunnskap om kystkultur, og er med på stevner og torgdager. Laget ble etablert i 1993 og er medlem av Forbundet KYSTEN.   Les mer …

Første årgang av Havstrilen, utgjeven 2001
Foto: Norsk lokalhistorisk institutts bibliotek
Havstrilen (Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden) vert utgjeven av Nordsjøfartmuseet (i tidlegare Sund kommune), Kystmuseet i Øygarden, Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag. Havstrilen kom første gongen ut i 2001.   Les mer …

«Gneisenau» fotografert i 1939/40.
Foto: Deutsches Bundesarchiv
Fjell festning (også Fjell fort, Batterie Fjell, Festung Sotra, MKB 11/504 Fjell eller Torden Felix) er et kystforsvarsanlegg på Sotra, Fjell i Øygarden kommune. Anlegget ligger på et høydeplatå over Fjell gard midt på øya. Anlegget ble bygget av den tyske okkupasjonsmakten under andre verdenskrig og tilhørte den tyske Kriegsmarine og inngikk i Atlanterhavsvollen. Festningen var bygget som et forsvar rundt hovedvåpenet, en trippel 28,3 cm kanon, plassert i et pansertårn med en maksimal rekkevidde på 37 km. Kanonen var opprinnelig en skipskanon fra slagkrysseren «Gneisenau», som hadde tre slike kanoner og disse ble demontert etter at skipet ble skadd etter britisk bombing i Kiel i februar 1942. Festningens hovedformål var å forsvare innseilingen til Bergen, nord og sør for Sotra. Bergen var en viktig by for okkupasjonsmakten, ikke minst på grunn av ubåtbunkeren i Laksevåg.   Les mer …

«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.

MB «Pokal» MB Pokal» M-80-HØ. Kjennesignal:LHAF. Heilt sidan artikkelen om «Pokal» var lagt ut har ein trudd at båten var bygd i Ølve. Ein med båt interesse, Eirik Graue, har leita seg fram til at «Pokal» er bygd hos Edvard Løfalds båtbyggeriLøfaldstrand i Hardanger. Graue har leitt i alle register, men finn ikkje «Pokal» nemnd nokon stad.

I Haugesund Dagblad frå 1. september 1930 står det at Løfalds båtbyggeri skulle levere ein båt på 55 fot med 40 hk Wichmann motor til Sunnmør. Her stemmer båtstørelsen og motoren, dertil er båt typa lik slik dei brukte sjå ut. «Pokal» M-80- HØ var bygd for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og Oskar O. Sævik, den siste halvbror til Hans O. Desse to siste vart utløyste midt på 1950 talet. Olav H. Sævik kom inn som medeigar i 1957. Han er son til Hans O. og vart medeigar 16 år gamal.

Til vanleg var det Hans O. som var skipper på «Pokal». Den fyrste tida før det vart vanleg med kystskipper eksamen vart det halde kurs rundt i kring på skular og bedehus som gav kunnskap for fiskeskipperar og andre. Hans O. hadde gått nokre av desse kursa, so kalla «jordmorkurs». At han var ein dugande skipper er det ikkje tvil om.

Sonen Olav tok kystskipper eksamen i Ålesund 17 år gammal. Han var yngstemann i kullet og stundom når læraren snakka til han så var det, «du nyfødde». Tydeleg at tonen har vore uformell. Han fekk ikkje papira før han fylte 21 år.

Begge eigarane var såleis kapable som båtførarar. Då tok sjølivet til for Olav H. og det førte han til eit mangslunge liv på sjøen. Seinare sigla han som skipper på mange slags fartøy – frå Sør Afrika til Amerika. Han har mangt å fortelle så kanskje er det råd å få fatt i litt av den historia også.   Les mer …

Herdlevær mot nordvest.
Foto: Vigleik Mathisen

Herdlevær (gnr. 46) er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdlevær er ei god hamn.

Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdlevær. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Øygarden kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar