| Om Setesdal
|
Valle frå Åmli. Foto: Siri Johannessen (2008) Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærastt uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.
Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Stigamidjom 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Den gamle plassen Stigamidjom ligg ein snau kilometer nordanfor Moen i Trydal i ei kro innunder Tangebakkane. Staden ligg lageleg til, med utsyn over Sakshylen på vestsida, og lognt mellom Bergji i nord og Stigafjødd i sør.
Dei som rudde og fyrst budde her var ekteparet Eivind Ånundsson og Åse Tarjeisdotter og borna deira. Han var gardmannsson frå Utistog Stavenes, son åt Ånund Pålsson, som dei kalla Rike-Ånund, og kona, Ingebjørg Tarjeisdotter, fødd Byklum.
Nett kva år Eivind og Åse sette i gang med å etablere seg i Stigamidjom kan vera litt uvisst. Det me utan vidare kan slå fast er at dei fekk bygselsbrev på plassen hjå Arne Torleivsson i Nordstog Trydal i 1853. Men brevet vart ikkje tinglyst fyrr i 1860, og då kan det vel også godt ha gått nokre år frå plassfolka stakk spaden i jorda fyrste venda og til det vart gjort skriftleg avtale. Plassvilkåra tykkjest ha vore rimelege. Dei skulle skjera 1 1/2 mål åker i året, det var heile leiga.
Eivind og Åse budde lenge i Stavenes, der Eivind var eigar av bnr 5 (halve Utistog). Tydelegvis gjekk det ut med han, slik at han i 1847 laut selje til Olav Såvesson på Teigen. Han og familien hans mellomlanda då ei tid som busetar i Bjones, fyrr dei vart husmannsfolk i Stigamidjom. Les mer …
Kroné 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Kroné, også kalla Skarberg, ligg ved nordaustenden av Motjønni i Bykle kommune. Tek ein innetter gamleveg frå Moen er dette fyrste verestaden ein kjem til. Som namnet tilseier er det ei kro. På nordsida lyfter Den store ufsi seg, austetter har dei Urinn og Krofjødd, sudetter Oppå haugen og Vardebrokke mot Øytjønnsåsen.
Det var brørne Olav og Ånund Knutssøner Skarberg som sette i gang med bureising her i 1917. Desse var søner av Knut Ånundsson Trydal og kona, Torbjørg Halvorsdotter, fødd Uppstad. Det gamle namnet på staden var Kroné, men då skarbergkarane fekk tinglyst eigedomsretten sin, valde dei å kalle den nye heimen Skarberg etter bruket dei kom ifrå (gnr 9, bnr 3). Til dagleg vert vert staden likevel omtala som Kroné.
Då dei sette i gang her, kom skarbergbrørne frå Bjørnarå Der heime, der far deira var brukar for Torgeir Bjørgulvsson. Såvidt me kan oppfatte varde dette til 1920, men då var Torgeir Bjørnarå vaksen, og ville bruke garden sjølv. Etter dette flutte Knut og Torbjørg frå Bjørnarå til sønene på Kroné. Torbjørg døydde her i 1935, Knut tre år seinare. Les mer …
Buss frå Arendal fotografert ved Trydalstjonni ein gong i 1930-åra, fyre vegomleggjinga i 1938. Fotografen, som heite P.M. Danielssen, gav ut biletet som prospektkort. Me har kortet frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Trydal er ein matrikkelgard i Bykle kommune. Når ein køyrer riksvegen nordetter frå Valle, kjem ein fyrst til Bjørnarå. Den neste grenda er Trydal. Grenda ligg etter måten lågt, i ein djup kvelv innunder Storefjøddet, med gardsbruka i ein ring kring Trydalstjønni, 515 moh. Utmarka femner åt Otre mot vest, Åsdokkine mot sud, Åsbrokkine mot aust, og mot nord deildar Trydalsgardane mot Berdalen og Bjones på toppen av Storefjøddet. I alt dreiar det seg om eit samla gardsvald på vel 25 000 mål. Utover dette hadde Trydal også rettar i allmenningen i Bykleheiane. Støylane var avgjerande for husdyrbruket gjennom idene, og liksom andre i Bykle dreiv trydølane med jakt og fiske, i presten Reier Gjellebøl si «bygdebok» frå slutten av 1700-åra vert Trydalstjønni utpeika som eit særleg godt fiskevatn. Dessutan var skogsdrifta viktig for økonomien, og hadde visseleg meir å seia i Trydal enn i dei delane av bygda som ligg høgre i lendet.
Når det gjeld tolkinga av gardsnamnet skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne, VIII (1902), som fylgjer:
| 1ste Led Try- antages at tilhøre et Elvenavn, hvis gamle Form ikke kjendes, se Gjerstad GN 29. S[ophus] B[ugge] antager [i] N[orske] El[venavne] , S. 338, at Elvenavnets gamle form var *T r y j a, afledet af oldn. t r e, n, Træ.
|
|
| Les mer …
Lislestogbui som ho såg ut fyre Torjus Stavenes bygde henne om. Biletet her er eit utsnitt av eit større bilete, som er sikkert tidfest til 1933. Det kjem frå Ingebjørg Vegestog.
Lislestog er eit leigetomtområde under Utistog og Innistog i Bykle. Det ligg rett ovanfor kyrkja på motsett side av vegen. Parsellen, som han nå er, vart utskilt og matrikulert i 1967 og 1995, men her har vore hus og aktivitet mykje lenger. Nå er det bygdetun, men då staden fyrst vart bygd, var det kråmbu. Han som sette i gang med handel her var Ånund Å. Tveiten, den tredje av sønene åt Ånund Hallvardsson i Heimtveiti.
- Ånund Ånundsson Tveiten, f 1849, d 1912
- g 1875 m Sigrid Olavsdtr. Dysje, f 1835, d 1911. Born:
Sigrid Olavsdotter var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland på Dysje og kona, Tone Tarjeisdotter. Les mer …
Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Bratteland ligg austom Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen i Bykle. Som gardsnamnet tilseier, er terrenget her nokså bratt, men på nedsida av der husa sto var likevel tolleg slakt hallande jorde. Nå er desse neddemde.
Tydinga av namnet trengst ikkje seiast meir om. Når det gjeld alderen, kan me melde at namnegranskarane meiner at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs. frå perioden mellom åra 400 og 600. Om dette slår til når det gjeld Bratteland, vil det stille denne garden på alder med busetnaden på Tveiti og Nesland, og jamvel om me ikkje har registrerte oldfunn å vise til, tykkjer me ei slik datering virkar rimeleg. Les mer …
Nordigard ca 1890. Rekonstruksjonsteikning av Arne Berg 1962. På teikninga er Nordigard kalla «Oppiga, Der nord», ser ein. Denne nemninga var i bruk til tunflytjinga i 1912.
Nordigard er eitt av gardsbruka i Hoslemo i Bykle kommune. Dette bruket, som til å byrje med hadde tun jamsides Uppigardstunet, har i dag husestaden sin lenger nede og litt lenger vest. Det har opphavet sitt i delinga av Uppigard mellom Tor og Kolbein Hadlessøner. Kva tid ein vil seia at[ dette var, vert vel nærast ei smakssak, men iallfall var det slik at Kolbein i 1874 fekk bygsla halve garden hjå faren, Hadle Torsteinsson Stråpa. I 1881 fekk Tor og Kolbein skøyte på kvar sin ideelle halvpart av garden, og i 1883 vart det halde offentleg delingsforretning, der deildene vart fastsette, og kvart av dei to bruka vart tildela ei landskyld på 1,07 skyldmark.
Fyrste oppsitjaren her var altså ovannemnde Kolbein.
- Kolbein Hadlesson Hoslemo, f 1852, utflytt til Mo ca 1896, vidare til Aurdal, Vats i Ryfylke 1907, d 1935
- g 1874 m Kirsti Jonsdtr. Fiskjetjønn, f 1849, d 1922. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Setesdal
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|