Forside:Sunnfjord kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland • Sogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Førde • Gaular • Jølster • Naustdal

Om Sunnfjord kommune
Sunnfjord sitt kommunevåpen.
Sunnfjord kommune i Vestland fylke vart skipa 1. januar 2020, då kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular vart samanslegne. Kommunen, som omfattar området kring Førdefjorden og Holsendalen, grensar til Askvoll i vest, Gloppen i nord, Skjåk i aust og Høyanger i sør.

Førde er den klart største tettstaden og administrasjonssenter i kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Skulehistorie i Førde skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Førde kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.   Les mer …

Familien Tjønneland i 1933.
Foto: Ukjent.
Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916.   Les mer …

Henrik Olaus Aardalsbakke
Foto: Norske skolefolk (1952)
Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.

Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.

Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal.   Les mer …

Nikolai Astrup
Nikolai Astrup (1880–1928) er rekna som ein av dei største norske kunstmålarane frå tidleg 1900-tal. Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup tilhøyrde den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat. Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krohg i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjend for tresnittarbeida sine.   Les mer …

Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.

I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².

Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal.   Les mer …

Olav Lundens gravminne på Hoff kirkegard.
Foto: Trond Nygård (2013)
Olav Lunden (født 12. februar 1937, død 3. september 2011) var historiker og lektor. Han var fra 1981 til 2003 ansatt ved Raufoss videregående skole i Vestre Toten. Lunden var gift med Mildrid Lunden, rektor ved Lena videregående skole og Ap-politiker i Østre Toten. Ekteparet var bosatt på Kapp. Lunden vokste opp i Naustdal i Sunnfjord, som sønn av småbruker og anleggsarbeider Ludvik Lunden og Hilda, født Indrekvam. Alle de fem søskna tok høgre utdanning; blant dem er historikeren Kåre Lunden og lyrikeren Eldrid Lunden. Lunden tok lærerprøva i 1965, og jobba som grunnskolelærer i to år. Han ønska imidlertid mer utdanning, og tok først norsk grunnfag i 1968 og dernest historie hovedfag i 1977. I 1979 ble han ansatt som lektor ved Lena videregående skole.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Sunnfjord kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar