Forside:Orkdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:59 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: OppdalRennebuOrklandSkaun
TIDLIGERE KOMMUNE: AgdenesMeldalOrkdal

Om Orkdalen
Orkdalen (eller Orkladalen) er eit dalføre i Sør-Trøndelag. Dalføret følgjer elva Orkla frå Orkelsjøen i Oppdal i sør, gjennom Rennebu og Meldalen til utløpet i Orkdalsfjorden i Orkdal kommune i nord. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Lensvikens radiatormeieri var et andelsmeieri på Melandsfossen i nåværende Agdenes kommune. Det ble opprettet i 1898, og var et smørmeieri. Meieriet innstilte driften i 1911.

I 1905 var produksjonsvolumet 168 800 kg melk (Bentrud).

I Agdenes ble det på kort tid etablert to meierier; dette og Lensvikens dampmeieri (1899-1927), og dette forklares i bygdeboka (Singstad) med at meierikonsulenten «haltet til begge sider [og] gjorde bygda en bjørnetjeneste» ved å ikke kreve samarbeid, men antyde at like små meierier hadde lyktes i andre bygder.   Les mer …

Dei nedre setrane.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)
Svartådalen er ein seterdal sentralt i Trollheimen, innafor grensene til Rindal kommune. Setrane her er rydda kring 1730 av tre gardbrukarar frå Indre Romundstad i Rindalen. Seinare kom setrane på handel og vart oppdelte, slik at i 1810 hadde desse fire gardsbruka på Romundstad setrar i dalen: Oppistuggu Indre, Austistuggu Indre, Utistuggu Ytre og Austistuggu Ytre. I tillegg hadde Tretta øvst i Rindalen den nedste setra i dalen. Utover 1800-talet begynte så gardbrukarar i Rennebu å kjøpe setrar i Svartådalen. Først var Bruholt, som kjøpte halvparten av seterretten til Austistuggu Ytre Romundstad i 1813. Sju år seinare kjøpte brukaren på Sørstuggu Grindal halvparten av seterretten til Utistuggu Ytre Romundstad, og om lag samstundes kjøpte Reitås den andre halvparten.   Les mer …

Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland
Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.   Les mer …

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.   Les mer …

Richard Floer. Ukjent kunstnar.
Richard Floer (fødd i Kvikne i nåverande Rennebu og Tynset kommunar 11. april 1767, død på Røros 28. august 1822) var bergverksfunksjonær, offiser og eidsvollsmann. Lite og ingenting er kjent om Floers aktivitet og standpunkt på Eidsvoll 1814. Han var vald som representant for det frivillige Rørosiske bergjegerkorps. Foreldra var overstiger Henning Floer og Helveg Marie Brandt. Faren var tilsett ved koparverket i Kvikne da Richard var fødd, og flytta seinare til Røros. Familien hadde vore tilknytta bergverksverksemda i generasjonar.   Les mer …

Jøldalshytta 2009
Foto: A. Kjelland

Jøldalshytta er ei av hyttene til Trondhjems Turistforening (TT) i Trollheimen. Ho ligg på Jøldalen i Rennebu og er den andre hytta TT har hatt i dette området. Den hytta som står no vart bygd i 1917 i to etasjer med kjøken, peisestove og rom for betjeninga i første etasje og 8 soverom med 23 senger i andre etasje.

Den første Jøldalshytta lå i den store setergrenda lenger framme i Jøldalen, der mange gardar i Grindalsgrenda i Rennebu har setrar. I 1907 kjøpte TT ei av desse, Hosetsetra for 520 kr, og tok ho i bruk som den andre turisthytta foreininga hadde i dette fjellområdet.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Orkdalen
 
Andre artiklar