Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.
Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær. Les mer …
Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930.
Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.
Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.
Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland. Les mer …
C. Mølbach. Ukjent kunstnar. Christen Mølbach (fødd 8. november 1766 i Kristiansand, død i Egersund 7. juli 1834) var kjøpmann og skipsreiar i ladestaden Egersund, dansk og nederlandsk visekonsul, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han var blant dei leiande og mest velståande i det egersundske borgarskapet dei fyrste tiåra av 1800-talet, med base i det staselege herskapshuset Nesgård, ein eigedom som hadde følgt med ekteskapet. Mølbach kom til Egersund som sorenskrivarfullmektig. Kva slag utdanning han hadde, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Det blir påpeikt i Egersund byhistoriske leksikon at Mølbach hadde eit utgangspunkt i danningsborgarskapet. Han hadde reist mykje, og hadde kanskje juridisk utdanning. Danningsbakgrunnen og hans praktiske verksemd som kjøpmann på den internasjonale marknaden gav han god innsikt i europeisk politikk og maktforhold i tida. Les mer …
Marta Steinsvik omkring 1935.
Marta Steinsvik (født 23. mars 1877 i Bakke i dagens Flekkefjord kommune, død 27. juli 1950 i Oslo) var antroposof og skribent. Hun ble kjent for sine markante standpunkt i kontroversielle saker, ikke minst gjennom sine anti-katolske og antisemittiske skrifter i mellomkrigstida. Hun var også sentral i den antroposofiske bevegelsen i dens tidligste år i Norge. Steinsvik var en foregangsperson på flere områder, blant annet for kvinners rolle i Den norske kirke. Hun stod også sentralt i arbeidet for målsaka. Les mer …
Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
|