Forside:Ålesund kommune

(Omdirigert fra «Forside:Ålesund»)

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Ålesund kommune
1504 Alesund komm.png
Ålesund kommune er ein kommune, by og regionssenter for heile Sunnmøre i Møre og Romsdal. Ålesund kommune grensar mot Giske kommune, Sykkylven kommune, Hareid kommune og Ulstein kommune. I samband med Kommunereforma 2014-2018 gjekk kommunane Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy 1. januar 2020 inn i den nye storkommunen Ålesund.

Ålesund ligg heilt på kysten, ved fjordsystema på Sunnmøre og kommunen ligg på fleire øyer, Hessa , Aspøya, Nørvøya, Ellingsøya og Oksnøya. Byen ligg nær både rike fiskebanker og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …

Ulla fyrstasjon ligg i Haram i Ålesund kommune. Fyret vart oppretta i 1874. I 1872 vart det «fra den fiskende almue i Haram» søkt om eit fyr enten på Kvernholmen eller på Ullaholmen. Søknaden var anbefalt av amtmannen m.fl. Løyve vart gitt til oppretting av eit fiskefyr, og det vart kjøpt ei mindre tomt på Kvernholmen der det vart oppført ei fyrbygning på 8,3 x 4,5 m med to små rom og eit vaktrom på loftet. Fyret vart ferdig hausten 1873 og vart tent den 25. januar 1874. I budsjettet for 1889-90 vart det gitt løyve til å utvide brennetida. Dette innebar at stasjonen måtte utvidast til familiestasjon. Og derfor var det ønskjeleg å kjøpe heile Kvernholmen slik at det vart ei brukbar ordning med småbruk for fyrvaktaren. Ein bustad på 8 x 6 m vart oppsett i tillegg til den som stod der frå før. Uthus og naust med båtopptrekk vart også oppført og dessutan eit lite fjøs. I 1898 vart det installert ei 4. ordens linse, og fyret vart omskjerma med fleire klippsektorar. Under ein storstorm i januar 1901 vart naustet flytta av sjøen utan at det vart særleg skada. Ein del av det som stod i naustet vart skylt bort, og fyrvaktaren fekk kr 67,- i erstatning for tapte effektar… Eit landingskar med svingkran vart bygd i 1908. I 1929 vart fyret vesentleg forsterka med installering av elektrisk kraft frå Haram Elverk.   Les mer …

Olaus Johannes Fjørtoft som ung
Foto: Ukjent, hentet fra Haram 1975.

Olaus Johannes Fjørtoft (født 19. januar 1847 i Haram, død 21. mai 1878 i Kristiania) var journalist, publisist og politisk agitator, kanskje den mest radikale i Kristiania i første del av 1870-årene. Olaus Johannes Fjørtoft vokste opp på gården Hardhaugvik på Flemsøya i Haram. Faren var omgangsskolelærer før han ble lensmann.

Fjørtoft gikk på Borgerskolen i Ålesund 1859–1861 og deretter på Molde Lærde og Realskole 1861–1866, men måtte slutte begge steder fordi han kom i konflikt med ledelsen på grunn av sine radikale meninger. Han reiste deretter til hovedstaden og begynte på Heltbergs studentfabrikk. Han var hjelpelærer i matematikk samtidig som han leste til examen artium, som han tok i 1869.   Les mer …

Nora Kiperberg fotografert på Fjordsyn i Volda i april 2015.
Foto: Svein Aam
Nora Olivia Kiperberg (født 11. februar 1912 på Fremmerlid i Skodje, død 15. desember 2015 i Volda) var friviljug sjukepleiar under felttoget i Romsdalen i 1940 og seinare sjukepleiar ved Volda sjukehus. Foreldra hennar var Hilda og Aret Tomren, og dei flytte etter kvart til Sjøholt i Ørskog kommune der Nora voks opp.   Les mer …

Her er hudinga på «Mot» godt i gang.Det er Håkon Høydalsvik og Håkon Berg som er i gang med fjerde planken på babord side
(1972)
MB «Mot», M-38-A, Kjennesignal: LM 4458. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1972 for Osvald Karlsen, Langevåg. Dette var første båten bygd på laminerte spant ved båtbyggeriet. Kantraspanta framme og bak var i heil ved og utan skøyt. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt til 13,5 m lang, 4,1 m breidde og 1,7 m djup. Det gir lengde 43’.   Les mer …

Presten Ole Kristian Grimnes (1849–1932).
Foto: Haavelmo, Halvor: Skedsmo herred 1837-1937. Oslo 1937.

Ole Kristian Grimnes (født 24. desember 1849 i Vestre Moland, død i februar 1932 i Sarpsborg) var prest i Ålesund, Bergen og Skedsmo. Grimnes vokste opp i Vestre Moland i nåværende Lillesand kommune, som sønn av gardbruker Øven Aanensen Grimnes og Thrine Andersdatter f. Udjus. Han var en yngre bror av landbruksingeniøren Aanon Grimnes (f. 1846).

Ole Kristian Grimnes ble i 1878 gift med Karen Berg (1858-1919), datter av overtollbetjent Christian Fredrik Berg i Tromsø. Karen og Ole Kristian Berg fikk hele 12 barn, hvorav ni vokste opp. Yngstesønnen Finn Hall Grimnes (1901-89) var far til historikeren Ole Kristian Grimnes (født 1937), oppkalt etter farfaren.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Ålesund kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar