Forside:Gjerstad kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Gjerstad»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Gjerstad kommune
0911 Gjerstad komm.png
Gjerstad er en kommune i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Aust-Agder). Kommunen ble opprettet i 1837, og har hatt uforandrede grenser fram til våre dager. Gjerstad grenser mot Risør i sør, Kragerø i øst, Drangedal og Nissedal i nord og Vegårshei i vest.Navnet Gjerstad kommer fra mannsnavnet Geirrekr, og av staðir som er norrønt for stad. Opphavlig var dette navnet på prestegarden, og ga først senere navn til bygda. Kommunen har to tettsteder: Det ene er det gamle kommunesenteret Øvre Gjerstad med Gjerstad kirke i sentrum. Det andre er tettstedet Fiane hvis eldste del er knytta til Egeland jernverk. I tillegg har Brokelandsheia utviklet seg til et nytt sentrum i kommunen med boliger og næringsvirksomhet.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie.   Les mer …

Gjerstad kyrkje var hovudkyrkja i prestegjeldet.
Foto: C. Christensen Thomhav

Gjerstad prestegjeld i Aust-Agder var eit av prestegjelda i Aust-Nedenes prosti. Det besto opphavleg av hovudsoknet Gjerstad sokn og annekssokna Vegårshei, Søndeled og Risør. I 1742 blei Risør prestegjeld oppretta, og i 1745 blei Søndeled sokn overført dit.

Ved avviklinga av prestegjelda i 2000-åra besto Gjerstad framleis av dei to sokna Gjerstad og Vegårshei, og var då i utstrekning identisk med kommunane Gjerstad og Vegårshei.   Les mer …

Elisabeth Magdalena Böbert f. Abel (1810 -1873), var datter av Anne Marie Abel f. Simonsen (1781 - 1846) og sogneprest og stortingsmannen Søren Georg Abel (1772 - 1820). Elisabeth vokste opp i Gjerstad sammen med sin fem søsken. Hun var søster av matematikeren Niels Henrik Abel (1802 – 1829), Elisabeth skal ha vært den av søsknene Niels Henrik kjente seg mest i slekt med. Elisabeth ble konfirmert i 1825, da sto hun som nummer én på kirkegulvet og sogneprest John Aas skrev om henne: «Utdmerket gode Kundskaber, stadig Flid og godt Forhold». Sommeren 1825 hadde neppe Niels Henrik Abel tid til å besøke søsteren i Gjerstad, men han skaffet henne et oppholdssted i Christiania. Senere den høsten kom Elisabeth Abel til hovedstaden hos Cathrine Andrea Borch Hansteen og et halvt år senere kom hun i huset til statsråd Niels TreschowTøyen, det ble hun i fem-seks år. Da Treschow datter ble gift med sognepresten på Modum i 1832, flyttet Elisabeth med dit opp. Det møtte hun Carl Friedrich Böbert (1804 - 1869), direktøren ved Blaafarveværket og året etter var de gift. Han ble senere sølvverksdirektør på Kongsberg og stortingsrepresentant. De delte lidenskapelig opptatt av musikk. Sammen fikk de tre barn, men to sønner døde ved drukning. Datteren Thekla ble gift med statsråd Jacob Otto Lange. Elisabeth døde fire år etter sin mann.   Les mer …

Lasse Bjorkjenndalen (fødd 1858, død 1943), fødd Lasse Lorentzen Bråten, var smed og gardbrukar i Bjorkjenndalen i Gjerstad i Aust-Agder. Han var gift med Gunhild Olsd. Bjorkjenndalen (1866-1911) i 1885, og dei fekk tre born; Ole Kristian (1894-1963), Marie Lovise (1899 d. s. å.) og Marie Lovise (1906 - ).

Lasse var av den kjente smed-ætta i Bråten. Han var son av smeden Lorens Bråten, som saman med brødrane Eivind og Jon byrja å smi som ganske ung, truleg lærte dei å smi av sin far. Lasse smidde mest sigdar og ljåar, men også nokon knivblader. Han hadde ikkje noko stempel. Men knivblada hans hadde eit visst gulskjær, det var noko uvanleg og er det einaste ein kan kjenne igjen blada hans på.

Lasse Bjorkjenndalen var kjent som ein god smed og i 1920 fekk han denne attesten av Olav Blesvik:

Sigden samt knivsbladene er kommet mig rigtig i hende og akkurat til omtalte tid hvorfor jeg er godt tilfreds. Jeg har slipt op samtlige ting du har smedet for mig, og det viser altsammen finere og støere egg end jeg nogensinde har truffet paa.
Jeg har vært i flere steder i hvert eneste land som ligger til havet og jeg har i alle land kjøpt en eller anden slags kniv, men aldrig har jeg fået nogen virkelig god kniv før de du har sendt mig. Jeg må derfor erklære dig som den beste smed jeg har truffet ikke alene i Norge men i alle land som ligger til havet.   Les mer …

Snippeteppe vevd på 50-tallet av Ågot Sletten.
Foto: Heidi Thöni Sletten
Snippeteppe er ein vevtradisjon i Gjerstad (Aust-Agder) og nærliggande distrikt. Teppene er vevd med filler i to-skaft med smett. Som ein fusjon mellom åkletradisjonen og filleryer. Mønstertradisjonen er lik åkleet, med geometriske formar. Mønsteret består ofte av parallellogram, noko som truleg også har gjeve teppene namnet («snipp» som i sirupssnipp). Teppene var anvendelige tekstiler, og har vært nytta både på golv, vegger og oppå sengehalmen.   Les mer …

Magnhild Hagelia, fra Stortingets bildegalleri.

Magnhild Hagelia (fødd 6. mai 1904, død 4. juli 1996) var Noregs fyrste kvinnelege lagtingspresident. Ho vaks opp i Gjerstad på garden Hagelia, ho var eldst av åtte sysken. Foreldra var småbrukar Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine (“Mina”) Pedersdatter Gryting (1881–1956). Ho hadde revisorkurs, gjekk på Treiders handelsskole og hadde eksamen i jordbruksbokføring. Magnhild Hagelia var ugift.

Ho blei valt inn i kommunestyret i Gjerstad for Arbeiderpartiet i 1945, men flytta kort tid etter valet. Seinare vart ho valt medlem i kommunestyret i Fjære 1947 – 1951, i Øyestad 1956 – 1959 og Grimstad 1971. Magnhild Hagelia satt på Stortinget i 16 år frå 1950 til 1965, då ho vart valt inn var ho den fyrste kvinna som blei valt på Stortinget frå Aust-Agder. I 1962 blei ho valt til visepresident i Lagtinget, og blei då den fyrste kvinna som leia et møte i nasjonalforsamlinga.   Les mer …
 
Se også


 
Kategorier for Gjerstad kommune
ingen underkategorier
 
Andre artikler