Forside:Seglfartøy

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Seglfartøy
Brigg har vore ein vanleg seglskipstype. Her ser vi S/S «Peggy» (103 ½ kl.), bygd på Nedre Kranens Værft i Kristiansund for «et Interessentskab» ved byggmeister O. Mæhle i 1869.

Eit seglfartøy (nynorsk/bokmål), òg skrive seglfarty (nynorsk) og seilfartøy (bokmål), er eit fartøy som har segl som hovud- eller einaste framdriftsmåte. Andre fartøykategoriar etter framdriftsmåte inkluderer blant anna robåtar, ro- og seglfartøy (f.eks. norrøne fartøy, galeiar og vestan-/nordanfjelske tradisjonsbåtar), dampfartøy (som ofte òg kunne ha rigg og segl, særleg i dei første tiåra etter at dampfartøya vart utvikla) og motorfartøy. Frå 1900-talet av har det vore vanleg at seglfartøy har motor, men dei blir framleis rekna som seglfartøy om riggen er fulldimensjonert.

 
Smakebitar
Lauritz Bagstevold i selvbygget trebåt med motor. Bildet er tatt på Eikeren ved gården Gunhildrud i 1937. Lauritz var født på en plass under nabogården Baksteval, men flyttet seinere til Petraborg ved Vestfossen.
Foto: Bildet er registrert av Arne Thorkildsen i 1986.Eier og informant er Erik Hægstad fra Gunhildrud.
NEG 70 Fra robåt og seil til motor er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1959 med tittel Fra robåt og seil til motor. Utsendarar var Knut Weibust og J. Tvedt.   Les mer …

Fram i isen
Foto: Nasjonalbiblioteket
«Fram» er en skonnert og polarskute bygd i 1892 av Colin Archer i Larvik. Fram ble brukt på tre polarekspedisjoner ledet av henholdsvis Fridtjof Nansen, Otto Sverdrup og Roald Amundsen og har siden 1936 stått på FrammuseetBygdøy i Oslo.   Les mer …

Jakt Polarstjernen
Foto: Akvarell/gouach malt av skutemaler Frederik Sørvig

Polarstjernen (jakt 1855) var en Skåneviksjakt/Sunnhordlandsjakt bygget på Skåneviksstranda i 1855 av skipsbygger Gunnar Gravdal. Da forsøk på å få midler til restaurering og bevaring ikke lyktes, ble jakta målt opp og destruert 1997/1998. Jakta ble bygget på bestilling fra Lambrigt Leknes, Skånevik. Etter målebrev fra 12.12.1855 var skipet på 26½ kommercelester og hadde signalflagg «X-81».

  Les mer …

Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved at stormastra primært er sneiseglrigga.

Ein skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint sneiseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju mastrer. Toppseglskonnerten er sneiseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemastra, og ofte òg på stormastra.

Ein skonnertbrigg eller brigantin har to mastrer, med skværseglrigg på fokkemastra og sneiseglrigg/gaffelseil på stormastra. Fokkemastra er tredelt med mers og stormastra er todelt med saling som typisk for skonnertriggen. Dette er såleis ein blandingsrigg og han har ôg vorte kalla «hermafroditt-brigg» og «halv-brigg». I norske 1800-talskjelder er skonnertbrigg eller brigantin oftast kalla «skonnert», noko som har ført med seg mange misforståingar. Misforståingane kan vera at ein går ut frå at båten er omrigga, og i leksikon er denne blandingsriggen gjerne fremstilt som rein skonnertrigg.   Les mer …

Den tremastra slettopparen «Linden» frå MariehamnÅland.
Ein slettoppar nynorsk eller ein slettopper (bokmål), nokre gonger kalla slettoppskonnert, er ein skonnert med to til sju mastrer og med sneiseglrigg på alle mastrene. Slettopparane vart vanlege mot slutten av seglskutetida.   Les mer …

Geitbåtfæring med asymmetrisk råsegl.
Foto: Olve Utne
Eit lårsegl eller asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt . Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordsbåtar, snidbetningar og geitbåtar. På Nordmøre blir dette seglet ofte kalla geitbåtsegl. Seglet er elles utbreidd på Island, i Skottland og England, i Frankrike, der det blant anna er typisk for luggeren, og i Spania, der det er typisk for barcoluengo. Seglet blir dels sett som ei vidareutvikling av råseglet, dels som ei avkappa utgave av latinarseglet.   Les mer …
 
Kategoriar for Seglfartøy


 
Andre artiklar