Forside:Fosen

(Omdirigert fra «Fosen (forside)»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-Trøndelag • Sør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Frøya • Heim • Hitra • Indre Fosen • Osen • Ørland • Åfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: Bjugn • Halsa • Hemne • Roan • Snillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lærer Ole Aalmo.
Foto: Ukjent (skanna av Gunnar E. Kristiansen)
Ole Aalmo (født 14. mars 1861 i Aure, død 1943) var lærer og kirkesanger. I åra 1920-28 satt han som ordfører i Sandstad kommune på Hitra. Han var sønn av bonde Lars Olsen Aalmo og Beret Olsdatter. Ole Aalmo tok eksamen ved Klæbu lærerskole i 1881. Han tok seinere flere lærerkurs og skytterkurs. Aalmo var i perioden 1884-1903 ansatt som lærer i Bøfjorden i Stangvik i nåværende Surnadal kommune, til dels var han også lærer ved fortsettelseskolen i bygda, i tillegg til å arbeide som poståpner. Fra 1903 til 1928 var han lærer ved Strand, delvis også Utset krets, i Sandstad, og samtidig arbeidde han som kirkesanger samme sted. Han fortsatte som kirkesanger til 1931.   Les mer …

Gravstein over Holger J. Aresvik og kona, Beret Aresvik, f. Fugelvåg på kyrkjegarden ved Otnes kyrkje i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne
Holger Aresvik (fødd 10. januar 1883; d. 17. februar 1938) var ein felespelmann og målar frå Arasvika på Ertvågsøya i Aure kommune på Nordmøre. Han er blant anna kjent for å ha gjeve form til «Bruramarsj frå Valsøyfjord» — ein mangedelt bruremarsj som har utgangspunkt i to kortare bruremarsjar.   Les mer …

Augusta Aasen som brud 11. februar 1899. Foto eies av Junn Paasche Aasen
Augusta Aasen (født 19. mai 1878 i Osen i Søndre Throndhjems amt, død 2. august 1920 i Moskva) var en aktivist og sosialistisk agitator. Hennes foreldre var Fredrik Christian Paasche og Pauline Sivertsdatter Vaagen, og hun var gift med boktrykker Edolf Aasen (1877-1969), Steinkjer. Augusta Aasen var mor til forfatteren Arne Paasche Aasen (1901-1978). Hun var med å stifte arbeiderkvinneforeningen i Trondheim, og hun ble Arbeiderpartiets første kvinnelige representant i Trondheim bystyre. Fra 1912 begynte hun å opptre som politisk agitator for Arbeiderpartiet, og på Påskelandsmøtet i 1918 kom hun med i det sentrale partiarbeidet. Hun fikk en brå død 2. august 1920 i Moskva der hun var en av partiets delegater til 3. internasjonales 2. kongress.   Les mer …

Stordalen ysteri var et andelsysteri på Moan i Stordalen i Åfjord kommune. Det ble stiftet i 1900, og drev til 1910. Bygningen ble senere forsamlingslokale i Botngård i Bjugn. Osten ble solgt til Trondheim, muligens gjennom grosserer Gunnar Birkeland. Sveitseren Joh. Utz bestyrte ysteriet 1905-10. I 1905 var produksjonsvolumet 85 200 kg melk (Bentrud).   Les mer …

Fru Ingerd var eigar av Austrått.
Fru Ingerd Ottisdotter (Rømer) (ca 1470–1555), eller fru Inger til Austrått, var adelskvinne, godseigar og lensstyrar, mest kjent som eigar av Austrått. Skodespelet Fru Inger til Østeraad (1857 av Henrik Ibsen er laust basert på livet hennar. Ingerd Ottisdotter Rømer vart fødd på Sigerstad i Østfold kring 1470 av foreldra Otte Matssøn Rømer og Ingeborg Lydersdatter Struds. Ho gifta seg i eller føre 1494 med riksråd og rikshovmeister Niels Henrikssøn («Gyldenløve») (kring 1458–1523). Fru Ingerd spela ikkje noka offentleg rolle medan ektemannen levde og vart ikkje nemnt i brev eller diplom i denne perioden. Kort tid etter at Niels dødde trer enkjefrua fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør.   Les mer …

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar