Anfinn Refsdal (fødd 4. juli 1839 i Vik i Sogn, død 28. april 1920 i Vik) var lærar, politikar, religiøs forkynnar og målmann.På Stortinget vart Refsdal ein viktig mann for målrørsla ved fleire høve. I kyrkjekomiteen var han med i mindretalet som prøvde å få inn målparagrafen i folkeskulelovene i 1889. Då det lukkast å få inn målparagrafen i 1892, var Refsdal ein av framleggsstillarane. Les mer …
Stølsdrift på Dalsetet, slutten av 1940-talet. Brynhild Tjønn med borna Gyda og Magnar på Bruasetet. Margit Tveit og Gunhild Dale, budeier Dalsetet Foto: ukjent/foto privat Nyasetdalen i Feios er ein sidedal i Gullsetdalen. I denne dalen hadde gardane Tjønn, Tveit og Dale stølsdrifta eller seterdrifta si. Frametter Feioselvi ligg setervollane som "perler på ei snor". Nokre av stølshusa ligg der framleis, men på Dalsetet er det berre grunnmurane tilbake. Dalsetet ligg på ein høgde i dalen, og derfrå er det eit vakkert utsyn heimover dalen. Les mer …
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn ( Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: " Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder." Les mer …
Feios kyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeld på Osterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.
Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen. Les mer …
Jakob Bøthun. Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag. Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …
|