Regjeringa
Regjeringa (formelt Noregs Statsråd) er øvste utøvande myndigheit i Noreg, med ansvar for å setje i verk vedtak frå og foreslå saker for Stortinget. Statsministeren leiar regjeringa, og kvart departement leiast av ein statsråd. Grunnloven omtalar statsminister, men bruker elles nemninga statsråd om minister (eller medlem av statsrådet). Den statsråden som leiar Utanriksdepartementet, blir kalla utanriksminister. Statsråd er den tradisjonelle nemninga på ein regjeringsmedlem som ikkje er statsminister eller utanriksminister. Nemninga nyttast synonymt med minister, og vart innført ved kongelig resolusjon av 19. mai 1814.
Nemninga statssekretær vart nytta fram til 1926 om statsrådssekretæren, statsrådets sekretær som møtte i statsrådet, ein stilling som forsvant 1969 då denne funksjonen vart overtatt av Statsministerens kontor.
Etter Grunnloven ligg den utøvande makta hos kongen (eller regjerande dronning), og monarken eller tronarving skal derfor ta del i regjeringa sine plenumsmøte – på papiret er det «Kongen i statsråd» som styrer landet, men sidan parlamentarismen blei innført i 1884, har monarken berre ein symbolsk funksjon.
Namn
Den formelle nemninga på regjeringa er Noregs Statsråd eller berre Statsrådet (sjå òg Noregs Storting og Noregs Høgsterett), medan regjeringa reknast som daglegtale.[1][2][3]
Regjeringsdanning
Regjeringa blir i eit parlamentarisk system danna av det partiet, eller dei partia, som har størst støtte på Stortinget, og er avhengig av Stortinget sin tillit. Før parlamentarismen var det kongen som utpeika regjeringa. Ei ny regjering treng ikkje å få uttrykt tillit av Stortinget. Noreg har såkalla negativ parlamentarisme, der det er fråvær av mistillit som er naudsynt. Om Stortinget vedtek eit mistillitsforslag eller må regjeringa gå av. Det same gjeld om regjeringa stiller kabinettspørsmål, eit ultimatum til Storting, og så taper saka. Regjeringa kan også søkje avskil om det er klart at ho ikkje lenger har støtte på Stortinget. Det skjer særleg etter eit val der sitjande regjering mister sitt fleirtal. Formelt kjem då sitjande statsminister med forslag om kven som skal bli ny statsminister.
Med få parti på Stortinget, slik det var i byrjinga med berre Høgre og Venstre, var det naturleg at ein fekk fleirtalsregjeringer, det vil seie at regjeringa hadde meir enn halvparten av stortingsrepresentantane bak seg. Etter kvart som det kom fleire parti, blei det meir vanleg med mindretalsregjeringer eller koalisjonsregjeringer der fleire parti går saman for å få fleirtal. Ein mindretalsregjering sitt ikkje like trygt som ein fleirtalsregjering, men det ligg i korta at heller ikkje opposisjonen kan danne ein fleirtalsregjering. Mindretalsregjeringer er avhengig av støtteparti som ikkje sitt i regjeringa, men som støtter ho på Stortinget.
I mange land kan kan regjeringa søkje å auke sin støtte på Stortinget ved å skrive ut nyval, men dette er ikkje mogleg i Noreg.
Samansetjing
Grunnloven seier berre at det skal vere ein statsminister og minst sju departement og statsrådar. I tråd med Grunnloven og Regjeringsinstruksen er det den som blir statsminister i ei ny regjering som utnemner statsrådane. I realiteten skjer dette i samråd med partiet eller partia som er involvert i regjeringsdanninga. Dei fleste statsrådar har eige departement, men nokre er statsrådar under eit anna departement. Til dømes har bistands- eller utviklingsministeren vore statsråd under Utanriksdepartementet.
Regjeringa står i teorien fritt til å definere dei enkelte departement sine arbeidsoppgåver, og det er vanleg at det skjer endringar under ei ny regjering. Nokre endringar har vore av praktisk art. Til dømes har ein flytta ansvaret for kyrkjesaker frå eit departement til eit anna, då det er eit krav at statsråden med ansvar for slike saker er medlem av Den norske kyrkja. Det kan også vere politiske grunnar til slike endringar, som at ein vil legge meir vekt på eit saksfelt. Eitt av mange døme på dette er opprettinga av Lønns- og prisdepartementet i 1955.
Regjeringa si verksemd
Det er ein del konkrete oppgåver som er definert for regjeringa:
- Å foreslå statsbudsjett for Stortinget.
- Å foreslå nye lover for Stortinget.
- Å setje i verk nye lover og tiltak i tråd med Stortinget sine vedtak.
- Å lage retningslinjer og føreskrifter til lovene Stortinget har vedteke.
- Å styre statlege verksemder, direkte eller gjennom direktorat.
- Å styre utanrikspolitikken, i tråd med Stortinget sin vilje.
- Å forvalte statleg eigarskap i føretak og andre statlege investeringar.
Regjeringa møtast til statsråd på Det kongelige slott kvar fredag, med kongen som formell leiar. I desse møta er alle saker allereie avgjort. Dei politiske avgjerdene blir tekne på regjeringskonferansen, som normalt haldast måndagar og torsdagar, med førebuande statsråd på torsdagane. På desse møta er statsministeren møteleiar. Avgjerder frå regjeringskonferansen blir sendt vidare til statsråd, der den formelle avgjerda blir teken. Ei slik avgjerd blir utferda som ein kongeleg resolusjon. Kongen signerer resolusjonen, og statsministeren kontrasignerer. Om ein statsråd ikkje er einig i avgjerda, skal det protokollførast dissens.
Når regjeringa fremmar ei sak for Stortinget har ho opplysningsplikt. Alle opplysningar om saka må leggjast fram for dei folkevalde. Stortinget kan kontrollere regjeringa si verksemd i spørjetimen og gjennom kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Regjeringer
Før parlamentarismen
Før parlamentarismen blei innført i 1884 var det kongen som utnemnde regjering og dette var embetsstillingar, og kunne vere avansementstillingar for folk i embetsverket. Statsrådane i dei før-parlamentariske regjeringane var ofte eldre, velfortente embetmenn me lite eller inga politisk erfaring, og oppfatta ofte seg sjølve som departementssjefar og ikkje som politiske aktørar. Kongen trengte ikkje å ta omsyn til om statsministeren og statsrådane hadde fleirtal bak seg. Ein skifta ikkje ut heile regjeringa på ein gong, og det er derfor ikkje mogleg å få ei like klar rekkje av regjeringer som ein har etter 1884. I staden delar ein dei gjerne inn i ministerium med namn etter statthaldaren eller ein annan sentral person. Regjeringane i Noreg vart leia av statthaldaren eller ein av statsrådane som då vart kalla førstestatsråd, fram til embetet som statsminister i Kristiania vart oppretta i 1873[4] som følge av statthaldarstiden med Frederik Stang som fyrste statsminister.
Førstestatsråder/stattholdere/visekonger 1814–73
førstestatsråd Haxthausen (1814) • førstestatsråd Rosenkrantz (1814) • stattholder Essen (1814–1816) • visekonge kronprins Karl Johan (1816) • stattholder Mörner (1816–1818) • stattholder Sandels (1818–1824) • visekonge kronprins Oscar (1824) • stattholder Sandels (1824–1827) • stattholder Platen (1827–1829) • førstestatsråd Collett (1829-1833) • visekonge kronprins Oscar (1833) • førstestatsråd Collett (1833-1836) • stattholder Wedel Jarlsberg (1836-1840) • førstestatsråd Krog (1840-1841) • stattholder Løvenskiold (1841-1856) • førstestatsråd Vogt (1856-1857) • visekonge kronprins Karl (1857) • førstestatsråd Vogt (1857-1858) • førstestatsråd Petersen (1858-1861) • førstestatsråd Stang (1861-1873) • Embetet opphørt, statsminister innført i 1873 etter Stattholderstriden. |
Tiltredde | Gjekk av | Ministerium |
---|---|---|
2. mars 1814 | 11- november 1814 | Regjeringsrådet 1814 |
11. november 1814 | 19. september 1836 | Første Wedel-ministerium |
19. september 1836 | 8. mars 1844 | Andre Wedel-ministerium |
8. mars 1844 | 17. juni 1856 | Løvenskiold/Vogt-ministeriet |
17. juni 1856 | 16. desember 1858 | Vogt-ministeriet |
16. desember 1858 | 17. desember 1861 | Sibbern/Birch/Motzfeldt-ministeriet |
17. desember 1861 | 11. oktober 1880 | Frederik Stangs ministerium |
11. oktober 1880 | 1. mars 1884 | Christian Selmers ministerium |
3. april 1884 | 26. juni 1884 | Schweigaard/Løvenskiold-ministeriet |
I åra 1852 til 1881 hende det sju gånger at kongen ikkje kunne leie det svenske og det norske statsrådet då han var sjuk eller på reise. Det blei då satt ein felles interimsregjering.
Parlamentariske regjeringer
Utdypende artikkel: Parlamentarisme
Med parlamentarismen gjorde dei politiske partia sitt inntog, og ein byrja å bytte ut heile regjeringa på ein gong. Regjeringane får namn etter statsministeren, og om same person er statsminister ved fleire høve kallast dei første og andre regjering osb. For å gjere det lettare å finne fram er regjeringsnamnet forkorta, og det er lagt inn lenkje til artikkel om statsministeren. Innafor kvar regjering er det gjerne fleire skifte av enkeltstatsrådar. Talet på departement og statsrådar kan også endrast innafor ei regjeringsperiode.
Ved koalisjonsregjeringer er partia sett opp med statsministeren sitt parti først.
Dei tyskvennlege og tyskinnsette regjeringane i krigsåra 1940–1945 er lista opp i neste bolk.
Tiltredde | Gjekk av | Regjering | Statsminister | Parti |
---|---|---|---|---|
26. juni 1884 | 13. juli 1889 | Sverdrup | Johan Sverdrup | V |
13. juli 1889 | 6. mars 1891 | Stang I | Emil Stang | H |
6. mars 1891 | 2. mai 1893 | Steen I | Johannes Steen | V |
2. mars 1893 | 14. oktober 1895 | Stang II | Emil Stang | H |
14. oktober 1895 | 17. februar 1898 | Hagerup I | Francis Hagerup | H, MV, V |
17. februar 1898 | 21. april 1902 | Steen II | Johannes Steen | V |
21. april 1902 | 22. oktober 1903 | Blehr I | Otto Blehr | V |
22. oktober 1903 | 11. mars 1905 | Hagerup II | Francis Hagerup | Saml., V, H. |
11. mars 1905 | 23. oktober 1907 | Michelsen | Christian Michelsen | V, H, MV, Saml. |
23. oktober 1907 | 19. mars 1908 | Løvland | Jørgen Løvland | V, MV, uavh. |
19. mars 1908 | 2. februar 1910 | Knudsen I | Gunnar Knudsen | V |
2. februar 1910 | 20. februar 1912 | Konow | Wollert Konow | FV, H |
20. februar 1912 | 31. januar 1913 | Bratlie | Jens Bratlie | H, FV |
31. januar 1913 | 21. juni 1920 | Knudsen II | Gunnar Knudsen | V |
21. juni 1920 | 22. juni 1921 | Halvorsen I | Otto B. Halvorsen | H, FV |
22. juni 1921 | 6. mars 1923 | Blehr II | Otto Blehr | V |
6. mars 1923 | 30. mai 1923 | Halvorsen II | Otto B. Halvorsen | H, FV |
30. mai 1923 | 25. juli 1924 | Berge | Abraham Berge | FV, H |
25. juli 1924 | 5. mars 1926 | Mowinckel I | Johan Ludwig Mowinckel | V |
5. mars 1926 | 28. januar 1928 | Lykke | Ivar Lykke | H, FV |
28. januar 1928 | 15. februar 1928 | Hornsrud | Christopher Hornsrud | AP |
15. februar 1928 | 12. mai 1931 | Mowinckel II | Johan Ludwig Mowinckel | V |
12. mai 1931 | 14. mars 1932 | Kolstad | Peder Kolstad | Bond. |
14. mars 1932 | 3. mars 1933 | Hundseid | Jens Hundseid | Bond. |
3. mars 1933 | 20. mars 1935 | Mowinckel III | Johan Ludwig Mowinckel | V |
20. mars 1935 | 25. juni 1945 | Nygaardsvold | Johan Nygaardsvold | AP |
25. juni 1945 | 5. november 1945 | Gerhardsen I | Einar Gerhardsen | Samlingsregjering |
5. november 1945 | 19. november 1951 | Gerhardsen II | Einar Gerhardsen | AP |
19. november 1951 | 22. januar 1955 | Torp | Oscar Torp | AP |
22. januar 1955 | 28. august 1963 | Gerhardsen III | Einar Gerhardsen | AP |
28. august 1963 | 25. september 1963 | Lyng | John Lyng | H, SP, V, KrF |
25. september 1963 | 12. oktober 1965 | Gerhardsen IV | Einar Gerhardsen | AP |
12. oktober 1965 | 17. mars 1971 | Borten | Per Borten | SP, H, V, KrF |
17. mars 1971 | 18. oktober 1972 | Bratteli I | Trygve Bratteli | AP |
18. oktober 1972 | 16. oktober 1973 | Korvald | Lars Korvald | KrF, SP, V |
16. oktober 1973 | 15. januar 1976 | Bratteli II | Trygve Bratteli | AP |
15. januar 1976 | 4. februar 1981 | Nordli | Odvar Nordli | AP |
4. februar 1981 | 14. oktober 1981 | Brundtland I | Gro Harlem Brundtland | AP |
14. oktober 1981 | 9. mai 1986 | Willoch | Kåre Willoch | H, KrF, SP |
9. mai 1986 | 16. oktober 1989 | Brundtland II | Gro Harlem Brundtland | AP |
16. oktober 1989 | 3. november 1990 | Syse | Jan P. Syse | H, KrF, SP |
3. november 1990 | 25. oktober 1996 | Brundtland III | Gro Harlem Brundtland | AP |
25. oktober 1996 | 17. oktober 1997 | Jagland | Torbjørn Jagland | AP |
17. oktober 1997 | 17. mars 2000 | Bondevik I | Kjell Magne Bondevik | KrF, SP, V |
17. mars 2000 | 19. oktober 2001 | Stoltenberg I | Jens Stoltenberg | AP |
19. oktober 2001 | 17. oktober 2005 | Bondevik II | Kjell Magne Bondevik | KrF, H, V |
17. oktober 2005 | 16. oktober 2013 | Stoltenberg II | Jens Stoltenberg | AP, SV, SP |
16. oktober 2013 | 14. oktober 2021 | Solberg | Erna Solberg | H, FrP |
14. oktober 2021 | Støre | Jonas Gahr Støre | Ap, Sp |
Okkupasjonsregjeringer under andre verdskrigen
Tiltredde | Gjekk av | Regjering |
---|---|---|
9. april 1940 | 15. april 1940 | Quisling I |
15. april 1940 | 22. september 1940 | Administrasjonsrådet |
22. september 1940 | 1. februar 1942 | Dei kommissariske statsrådane |
1. februar 1942 | 8. mai 1945 | Quisling II |
Frigjeringa
Tiltredde | Gjekk av | Regjering |
---|---|---|
8. mai 1940 | 14. mai 1945 | Rådmennane |
14. mai 1945 | 31. mai 1945 | Regjeringsdelegasjonen |
Referansar
- ↑ Om regjeringa, Statsministerens kontor (utan dato). Seinast vitja 15. januar 2018.
- ↑ Norges statsråd under andre verdenskrig, Statsministerens kontor 2014. Seinast vitja 15. januar 2018.
- ↑ Norges statsråd siden 1945, Statsministerens kontor 2012. Seinast vitja 15. januar 2018.
- ↑ Statsminister i Store norske leksikon
Litteratur
- Regjeringen i Store norske leksikon.
- Liste over Norges regjeringer på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Om statsrådsalen hos regjeringen.no