Garden Straumsheim i 2015. I bakgrunnen ser vi litt av tettstaden Straumgjerde.
Straumsheim er ein gard ved tettstaden Straumgjerde i Sykkylven. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om, og han går no rett i overkant av industriområdet. Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge Straumshornet som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½ 8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen. Les mer …
Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker. Foto: Leif Ørnelund
Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953. Les mer …
Marie Aase (fødd 1894, død 1991) var den første i Sykkylven som utdanna seg til sjukepleiar. Det skjedde i åra 1913-1914. Då var tuberkulosen framleis ein trugande sjukdom som tok mange liv også i Sykkylven. Mest utsette for sjukdomsangrep var familiar med store barneflokkar som levde i fattigslege og tronge kår. I utdanninga si spesialiserte ho seg på behandling av tuberkulosepasientar, og etter at ho kom tilbake til Sykkylven, virka ho i bygda som sjukesyster. Ei hovudoppgåve vart å hjelpe dei som var ramma av tuberkulose. På denne tida hadde den medisinske vitskapen nett gjort store framsteg. Kunnskap om korleis sjukdom oppstod og kunnskap om korleis han kunne behandlast, hadde erstatta overtru og meir eller mindre effektive kjerringråd. Tuberkulosen smitta mellom anna gjennom spytt. Dei gamle spyttebakkane var seigliva smitteberarar. Marie Aase var ei tidleg talskvinne for god hygiene og riktig matstell. På dette feltet var ho ein modernitetens faneberar i Sykkylven. Les mer …
Karstein Oddmund Vik med studentlue. Foto: Ukjent Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet. Les mer …
|