Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik
MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.
Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ. Les mer …
Haram kulturhistoriske lag held til i Haram på Sunnmøre. Laget, som vart skipa 12. november 1972, gjev ut Årbok for Haram kulturhistoriske lag. I 1998 vart sogelaget medlem av Landslaget for lokalhistorie.
Det kulturhistoriske laget i Haram skal mellom anna «sikre historiske minne og kulturmerke i gamle Haram for ettertida», «vere eit bindeledd mellom bygda, fagfolk og styremakter i saker av kulturhistorisk verdi», «formidle kunnskap om kulturhistoriske ting» og «fremje kulturhistorisk interesse og allmenn trivsel og kontakt i bygdesamfunnet gjennom møteverksemd, registreringsarbeid, innsamlingsarbeid, skriftarbeid, synfarigar og utstillingar». Les mer …
Olaus Johannes Fjørtoft som ung Foto: Ukjent, hentet fra Haram 1975.
Olaus Johannes Fjørtoft (født 19. januar 1847 i Haram, død 21. mai 1878 i Kristiania) var journalist, publisist og politisk agitator, kanskje den mest radikale i Kristiania i første del av 1870-årene. Olaus Johannes Fjørtoft vokste opp på gården Hardhaugvik på Flemsøya i Haram. Faren var omgangsskolelærer før han ble lensmann.
Fjørtoft gikk på Borgerskolen i Ålesund 1859–1861 og deretter på Molde Lærde og Realskole 1861–1866, men måtte slutte begge steder fordi han kom i konflikt med ledelsen på grunn av sine radikale meninger. Han reiste deretter til hovedstaden og begynte på Heltbergs studentfabrikk. Han var hjelpelærer i matematikk samtidig som han leste til examen artium, som han tok i 1869. Les mer …
Karla Barstad (født 1. april 1870 i Ålesund, død 1. januar 1950 samme sted) ble, som første kvinne, valgt inn i Ålesund kommunestyre etter valget i 1901.
Hennes foreldre var bankdirektør Colbein Andreas Barstad og kone Elisa Rasmine Barstad. I klokkerboken 1868-1877 fra Ålesund ser vi at hennes fulle navn er Karolina Ludovika Barstad, men i valgstyreprotokollen til Ålesund kommune, arkivet etter Aspøy skole og i folketellingene fra 1900 og 1910 står hun oppført som Karla Barstad. I folketellingen av 1900 bodde hun hos foreldrene sine i Kirkegata. Faren var direktør i Landmannsbanken.
På valglista til De konservatives parti står hun oppført som lærerinne. Hun var en av fem kvinner på denne listen, og den eneste som ble valgt inn av dem. Les mer …
|